Hjem
Det psykologiske fakultet

Behandling av personopplysingar i forsking

Behandling av personopplysingar i forsking er kort sagt all bruk av personopplysingar, t.d. knytt til innsamling, registrering, samanstilling, analyse, lagring og utlevering.

Hovedinnhold

 

Det er mange reglar og aktørar knytt til behandlinga av personopplysingar i forsking.

Omsynet til personvernet for einskildmennesket gjer at det er viktig å vera klar over både kva type opplysingar som vert nytta i forskingsprosjekt, kva omsyn ein må ta og korleis slik forsking skal gjennomførast på ein etisk god og forsvarleg måte i tråd med eit strengt regelverk.

Ansvaret for å sørgja for at forskinga er lovleg og etterretteleg ligg til mange aktørar: Forskaren (evt. studenten), institutt, fakultet, universitet, personvernombod, REK, Datatilsynet har alle ulike roller. Det kan vera ei utfordring å finna fram i ulike retningsliner, reglar og føringar som til ei kvar tid gjeld for databehandlinga av personopplysingar.