Hjem
Det psykologiske fakultet

Psykologi: Relativt reelt

– Vi lærer både dei latinske namna på hjernen og om kor komplekst det sosiale mennesket er.

Hovedinnhold

– Ein må vere innstilt på lange dagar og hardt arbeid om ein vil bli psykolog. Særleg dei første åra er det krevjande eksamenar og semesteroppgåver.

Tekst: Brita Marie Servan

– Forskinga er ein sentral del i studiet. Vi får ei brei og djup innsikt i vitskap og teori som vi tar med oss inn i psykologpraksisen, seier Maria.

Ho går siste året på profesjonsstudium i psykologi. Løpet i Bergen er lagt opp slik at ein først tar årsstudium i psykologi og deretter må søke seg inn på eit femårig profesjon­studium. Det er relativt få plassar på profesjonsstudiet og mange søkjarar.

– Ein må vere innstilt på lange dagar og hardt arbeid om ein vil bli psykolog. Særleg dei første åra er det krevjande eksamenar og semesteroppgåver.

– Det beste ved studiet må vere breidda. Vi har fem bolkar som tar for seg ulike psykologiske tema: utvikling, personlegdom, det sosiale, det kognitive og det biologiske. På ulike måtar nærmar vi oss spørsmålet om kva menneske tenker og kvifor vi handlar som vi gjer.

Praksis
Ein viktig del av profesjonsstudiet i psykologi er praksisen. Ein veljer seg ut ei aldersgruppe ein ønsker å jobbe med, enten barn, unge vaksne eller eldre vaksne.

Studentane begynner med intern praksis, det vil seie terapisamtalar med pasientar på fakultetet. Ein får tett oppfølging av rettleiar og deler erfaringar med medstudentar.

– Eg lærte mykje om kva det vil seie å vere psykolog i denne praksisen. Det er ein god overgang frå å arbeide med teori til å faktisk arbeide med menneske. Vi er òg ute på faktiske arbeidsplassar, som for eksempel den pedagogisk-psykologiske tenesta, og jobbar frå ni til fire saman med psykologane, seier Maria.

Etter at studentane er ferdige med praksis internt, begynner dei med ekstern praksis. Då står ein ganske fritt til å velje sjølv kva praksis ein ønsker seg. Etter jul skal Maria reise til Cape Town i Sør-Afrika og ha sin eksterne praksis.

– Då skal eg jobbe innanfor rusomsorga. Eit område som eigentleg er heilt nytt for meg, men no får eg snart to fulle dagar med undervisning om nettopp rus.

Kombinerer jobb og studiar
– Sjølv om mykje av dagen går med til å vere på Universitetet, så synest eg det er fint å ha noko heilt anna å gjere ved sidan av, seier Maria. Ho er barsjef på Den Nationale Scene og synest det går fint å kombinere jobb og studiar.

– For meg er det godt å ha eit meir fysisk arbeid ved sidan av studiet. Det gir blant anna rom for å omstille seg litt. Dessutan har vi eit veldig godt sosialt miljø på jobben.

Ho åtvarar om at det kan opplevast overveldande å begynne i ein klasse saman med nesten 500 medstudentar det første studieåret. Då kan det vere godt å delta på noko utanfor studiet, som ein jobb eller frivillig arbeid.

– Og om det blir vel sosialt dei siste vekene før eksamen, så reiser eg heim til mamma for å få fred og ro, seier Maria.