Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
NY ANSATT

Jon Kåre Skiple ny stipendiat ved SAMPOL

Korleis har internasjonaliseringa av norsk rett endra Høgsterett sin innflytelse i det norske samfunnet? Det er temaet i Jon Kåre Skiple sitt doktorgradsprosjekt.

h
Stipendiat Jon Kåre Skiple.
Foto/ill.:
Hilmar L. Mjelde

Hovedinnhold

Skiple starta 1. oktober sitt fireårige PhD-engasjement ved Institutt for samanliknande politikk. Skiple sitt Phd-prosjekt tar utgangspunkt i inkorporeringa av EØS-avtalen og Den europeiske menneskerettskonvensjonen i norsk lov, og skal undersøkje i kva grad denne internasjonaliseringa har endra Høgsterett sin innflytelse i det norske samfunnet. 

Eit sentralt spørsmål for prosjektet er i kva grad internasjonaliseringa av retten har skapt nye konfliktlinjer i Høgsterett og kor vidt dommaråtferdsteoriar kan bidra til å auke vår forståing av desse konfliktlinjene.

 

Skiple har mastergrad i samanliknande politikk frå universitetet i Bergen frå 2012. Skiple si masteroppgåve, «Høyesterett er først og fremst en kollegial domstol», undersøker kor vidt dommarar sine politiske preferansar har ein effekt på deira stemmegiving i økonomiske saker. Dei siste åra har Skiple hovudsakleg arbeida som vitskapleg assistent på eit prosjekt om dommaråtferd i Norge sin Høgsterett der han har vært med på å byggje opp ein omfattande database om avgjersler og dommarar i Høgsterett, og han har gjennomført ei rekke statistiske analysar av stemmegiving i sivile saker i Høgsterett. Skiple har òg skrive om Høgsterett, asylbarn og den alminnelege rettsoppfatninga, saman med Frøy Gudbrandsen og Gunnar Grendstad.  

 

Utover  spørsmål knytt til dommarar og domstolar er Skiple interessert i metode generelt, og statistisk metode spesielt. Han har ansvar for seminarundervisning i statistisk metode for mastergradstudentar.