Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Seremoni for leverte masteroppgåver

Frå masterstudent til alumn

SAMPOL heldt høgtideleg mottaking for seksten av studentane som leverte masteroppgåve på torsdag 4. juni. I det utgåande kullet var det godt over 80 prosent som leverte på normert tid!

Seksten studentar tok del i årets seremoni for avleverte masteroppgåver ved Institutt for samanliknande politikk i på torsdag 4. juni.
Seremoni for avleverte masteroppgåver ved Institutt for samanliknande politikk.
Foto/ill.:
Kurt-Rune Bergset

Hovedinnhold

Seksten studentar tok del i årets seremoni for avleverte masteroppgåver ved Institutt for samanliknande politikk i på torsdag 4. juni. Her gav instituttleiar Gunnar Grendstad kvar student ei rose, samt det tradisjonsrike slipset og gullnåla som syner at ein har levert masteroppgåve ved Universitetet i Bergen.

 

Det var godt over 80 prosent av studentane i det utgåande kullet som leverte masteroppgåvene sine på normert tid. Og emna for dei leverte oppgåvene har svært stor spennvidde. Analysar av historiske årsaker til at nokre statar avskaffa monarkiet og andre ikkje, via asylpolitikk, terrorisme, amerikansk politikk, fiskeribistand, til fagrørsle, internasjonal utdanning, og mykje meir. 

 

På sikt vil mange av masteroppgåvene som er leverte bli tilgjengelege gjennom Bergen Open Research Archive. Her kan ein søkje gjennom tidlegare leverte masteroppgåver som er leverte ved Universitetet i  Bergen.

 

Ut i arbeidslivet
Alumnane frå Institutt for samanliknande politikk har altså med seg ei svært variert erfaring, både med tanke på tema dei har fordjupa seg i og metodelære når dei no skal ut i arbeidslivet.

 

Frode Realfsen, som har analysert rolla til dei forskjellige regionkontora i Brüssel, med hovudfokus på å forklare skilnaden i Noreg og Sveits si tilnærming til desse har ein nokolunde klar plan framover.

 

- No skal eg ut og blidgjere Siv (red. anm. finansminister Jensen) og få meg ein jobb. Eg har allereie sett meg ut ein eg meiner eg bør vere godt kvalifisert til, så får vi sjå – men eg tillet meg nokre dagar med pause framover.

 

Kristian Sonnenberg leverte ein analyse som tok føre seg kva for politiske faktorar som kan forklare folk si tillit til at styresmaktene evnar å handtere terrorangrep. Til dette nytta han spørjeskjemadata frå Norsk medborgarpanel, ei erfaring han vil ta med seg vidare til arbeidslivet.

 

- Eg har allereie søkt og fått jobb i Widerøe, der eg mellom anna vil jobbe ein del med nettopp surveydata.

 

- Verdifullt med praksis i utdanninga
Sonnenberg har lenge vore fascinert av flybransjen, og fekk vekt interessa for spørjeskjemadata når han, gjennom praksisfaget SAMPOL113, arbeidde med denne typen data i Bergen næringsråd.

 

- Blant alle dei svært gode faga eg har teke i løpet av bachelor- og masterløpet, har eg lyst til å trekke fram praksisfaget, som var veldig lærerikt, og som heilt klart har vore med på å peile ut ein yrkesretning både for meg og for mange andre studentar eg kjenner, seier han.