Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Medborgarpanelet

Stiller klimaspørsmål igjen og igjen

Kor stabile er nordmenn sine haldningar til klimaspørsmål? Det prøver stipendiat Åsta Dyrnes Nordø å finna ut av. Les meir om dette i universitetsavisa På Høyden!

Klima
Foto/ill.:
Hilde Kristin Strand / På Høyden

Hovedinnhold

"– Eg har ingen pengar eller heftige publikasjonar å slå i bordet med. Men det er uttalt at unge forskarar skal verta tilgodesett så lenge kvaliteten på spørsmåla er god, seier Åsta Dyrnes Nordø.

Ho er stipendiat ved Institutt for samanliknande politikk og nyttar data frå Medborgarpanelet i prosjektet sitt. Panelet består, som På Høyden nyleg har skrive, av 6.000 tilfeldig valte nordmenn. Dei svarar førebels på spørsmål to gongar i året, frå neste år vil dei få tre spørsmålssett. Forskarar som har gode spørsmål kan søka om å få desse med, og stipendiatar kan altså sleppa å betala for det.

– Eg ser mellom anna på kor stabile folk sine haldningar til klimarelaterte spørsmål er. Viktige forskningsspørsmål i denne samanhengen er om nokre grupper er meir påverkelege enn andre og korleis media påverkar folk, seier Nordø, og peikar mellom anna på spørsmålet om oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen.

– Når det gjeld akkurat det spørsmålet er svara svært stabile, trass i varierende mediefokus i løpet av perioden eg studerer. Halvparten av dei spurte meiner at me ikkje bør tillata olje- og gassutvinning i dette området."

 

Dette er berre eit utdrag. Les heile artikkelen i universitetsavisa På Høyden