Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Åpen dag

Med kjønnsperspektiv på rettssikkerhet

Kva lærer ein eigentleg når ein tek kjønnsstudier, kvifor er det viktig å studere kjønn, og kva kan ein bruke ein bachelor i kjønnsstudier til?

Justitia figur
Justitia er et symbol for lov og rett, der sverdet står for rettshåndhevelsen, vekta for dømmende virksomhet og bindet for upartiskhet.
Foto/ill.:
colourbox.com

Hovedinnhold

Under åpen dag ved Universitetet i Bergen gav Kurt-Rune Bergset elevar fra videregående skole ei innføring i kjønnstudiar, og mangfaldet av tema og problemstillingar innan fagfeltet.

I løpet av to skuletimar tok Kurt-Rune gruppa med på ei reise gjennom utfordringane til det nordiske rettsapperatet og demokratiet - og viste korleis kjønn kan være eit inntak til å diskutere og forstå desse utfordringane.

Elevane fekk presentert eit kasus: debatten omkring skiftet av juridisk kjønn og tvangssterilisering som gjekk i Sverige i 2012. Sidan skifte av juridisk kjønn vart lovleg i Sverige på 70-talet, har dei som ynskjer å skifte juridisk kjønn blitt tvunge til å gjennomgå ei irreversibel sterilisering. Praksisen med tvangssterilisering i Sverige stammer frå tida då eugenikken - ynskje om genetisk å forbetre folkesetnaden - stod sterkt i norden. Opphevinga av forbodet hadde lenge blitt debattert i det svenske folketinget, men motviljen hjå visse politiske partier gjorde det vanskeleg å oppnå konsensus om ei endring av lova. Til slutt tok aktivistar for avskaffinga av lova saka til rettsapperatet.

Med Kurt-Rune som dommar, og to av dei tilsette ved SKOK som advokatar, fekk elevane bryne seg som jury i saka. Utstyrt med somme grunnomgrep, som kjønnsidentitet, biologisk og sosialt kjønn, minoritet/majoritet, og legitimitet, diskuterte gruppa kva haldningar og forståingar omkring kjønn som låg til grunn for dei ulike argumenta for og imot tvangssterilisering. Gruppa drøfta også dommarane og politikarane si rolle i eit demokratisk system, og behovet for å værene om menneskerettane til minoritetane i samfunnet.

Studievegleiar Idunn Tandstad var også tilstade for å svare på praktiske spørsmål omkring bachelorprogrammet i kjønnsstudier. Ho løfta fram det tverrfaglege fokuset til studieprogrammet, som opnar for mogelegheita til å spesialisere seg i 8 ulike disipliner. Du kan lese meir om studia ved SKOK på våre nettsider, under fana for utdanning.