Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Forskning

Skilsmisse i Noreg gjennom tida

Hanne Marie Johansen ved SKOK har undersøkt endringane i norsk skilsmissepolitikk på slutten av 1700- og 1800-talet som følge av brotet med unionen med Danmark.

Hovedinnhold

Johansen er historikar og førsteamanuensis ved SKOK, og nyleg publiserte ho ein artikkel om denne endra skilmissepolitikken.

Johansen har sett på korleis spreiinga av ideala frå opplysningstida i Europa førte til at lovverket som regulerte skilsmisser i Danmark-Noreg vart liberalisert på 1790-talet. I Noreg sitt høve vart oppmjukninga derimot midlertidig: då Noreg fekk si eiga grunnlov i 1814 vart lovverket stramma inn att, og norske kvinner hadde avgrensa rett til skilsmisse gjennom heile resten av 1800-talet, fram til ei ny liberalisering på 1890-talet, og ei ny norsk skilsmisselov i 1909. Skilsmisseratene i Noreg og vesten held seg likevel stabile i fleire tiår til, og byrja fyrst å auke på 1970-talet.

Johansen forklarer dei låge skilsmisseratene utover 1900-talet med at mange kvinner var avhengige av ektemannen si inntekt, samt frykta for det sosiale stigmaet knytta til det å være ei skild kvinne. Andre faktorar som truleg også var med på å halde skilsmisseratene nede var manglande kulturell erfaring med skilsmisser, og manglande tillit til det juridiske apperatet blant kvinner.

Sjølv om noverande vestlege praksisar med skilsmisse ofte blir knytta til endringane i utdanning, kvinnene sitt inntog i arbeidsmarknaden, og den seksuelle revolusjonen i etterkrigstida, understreker Johansen kor viktig opplysningstida sine ideal, samt dei sosiale og kulturelle reformrørslene på 1800-talet, var for liberaliseringa av lovverket som regulerte skilsmisser i landet. Ho trekk fram den protestantiske reformen, og den norske skilsmissereformen frå 1909 som sentrale hendingar i den skandinaviske skilsmisserevolusjonen.

Johansen si forskning blir snart publisert i ei spesialutgåve til det vitskapelege tidsskriftet Scandinavian Journal of History, som tek opp historien til skilsmisse i dei nordiske landa.

Du kan allereie lese publikasjonen her.