Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Gjesteforskar

Sandrine Musso besøker SKOK i april

Sosialantropolog Sandrine Musso er tilknytt det pågåande forskingsprosjektet WAIT og er for tida gjesteforskar ved SKOK.

Sandrine Musso
Sandrine Musso, guest researcher at SKOK.

Hovedinnhold

Musso har arbeida ved SKOK dei siste vekene og nytta seg av dei moglegheitene det bergenske vêret byr på til å jobbe med sitt noverande prosjekt.

Musso si forskning er motivert av spørsmålet om mobilisering: Kva gjer at folk mobiliserer seg? Ho har lang erfaring frå medisinsk og politisk antropologi, og har først og fremst fokusert på situasjonen til Nord-Afrikanske migrantar i Frankrike som lever med HIV/AIDS. Gjennom å følgje denne gruppa har Musso utforska problemstillingar knytta til diskriminering, sosial kategorisering i behandlinga, offentleg helsetilbod, migrasjon og forskningsetikk. Mellom anna har ho undersøkt korleis lovverket som regulerer situasjonen til immigranter som lever med HIV har ført til mobilisering, særleg i høve til den franske lovgivinga kjend som "sjukdomsklausulen", som gir irregulære migrantar som ikkje har tilgang til behandling i heimlandet rett til opphald i Frankrike.  

I Frankrike har AIDS-epidemien vært eit svært politisert tema, ettersom utlendingar, og då særleg migrantar frå Afrika sør for Sahara, Karibien og Nord-Afrikanarar har vært overrepresentert i statistikken. Anti-innvandrar haldningar har blitt styrka av frykta for sjukdomen, særskild etter at den franske nasjonalisten Jean-Marine Le Pen i 1986 foreslo å setje AIDS-pasientar i konsentrasjonsleirer. Den offisielle politikken på området har i stor grad blitt forma som ein reaksjon til desse uttalelsane, i eit forsøk på å forebygge fordommane mot mennesker som lever med HIV. - Medan franske nasjonalistar har forsøkt å definere sjukdommen som eit "importert" problem, er det dokumentert at ein betydelig andel av innvandrarane som lever med HIV vart smitta etter at dei kom til Frankrike. Dette er knytta til problemer som tilgang til husvære, arbeid, og lovleg status, som er kjønna og rasialiserte determinerande faktorar for helse, seier Musso.

Fram til behandling vart tilgjengeleg i Frankrike vart migrantar som levde med HIV vanlegvis utviste eller gitt opphald utan rett til å arbeide. Gjennom 90-talet kjempa ein koalisjon av ulike aktører (grupper som forsvara innvandrarane sine rettar, AIDS-aktivistar og humanitære aktørar) imot utvisnings-regimet. Dei lukkast først i å endre på lovverket då antiretrovirale terapiar vart allment tilgjengelege i 1996, med argumentet om at utvisninga av mennesker som levde med HIV til land der behandling ikkje var offentleg tilgjengeleg implisitt var å dømme personen det gjaldt til døden.

Multiple temporaliteter i liva til innvandrarar som lever med HIV

For øyeblikket ynskjer Musso å utforske tidsdimensjonane ved HIV/AIDS og irregulær migrasjon gjennom eit komparativt fokus der ho også vil fokusere på situasjonen til sex-arbeidarar og menneskehandel. Musso er særleg interessert i å sjå på korleis samspelet mellom multiple temporaliteter (Koselleck) - ulike erfaringar av tid og relasjonar til fortid, nåtid, og framtid - former liva til irregulære migrantar som lever med HIV eller arbeider i sex-industrien.

I høve til HIV/AIDS understreker Musso korelis tid er eit konstituerante aspekt ved sjukdommen, ettersom tida frå ein blir smitta og bærar av HIV-viruset, og utbotet av sjukdommen (AIDS) kan ta opptil 10 år. Difor er tidsdimensjonen eit heilt sentralt aspekt ved erfaringa av sjukdommen. På eit anna plan blir også erfaringa av venting avgjort av geopolitiske førehald, ettersom det finnes gode behandlingsmogelegheiter i vesten, medan effektiv behandling ofte ikkje er tilgjengeleg i mange av dei landa som irregulære migranter emigrerer frå.  

Videre peiker ho på korleis helsepolitikk - særskild den som rettar seg mot kroniske sjukdommar - ofte er strukturert rundt omgrep som forebyggjing og beredskap (i relasjon til ei forestilt framtid), heller enn terapi (forsøk på å kurere pasienten). Dette, hevdar ho, er eit sentralt trekk ved temporaliteten til epidemiar: erfaringar av tid der forestillingar om ei katastrofal framtid er sentrale. På samme vis er forestillingar, eller fråvære av desse, om ei framtid der sjukdommen er utrydda sentrale for politiske og juridiske temporalitetar, og påverkar (den politiske og juridiske) behandlinga av bærarane av viruset. I Frankrike er alle desse ulike tidsdimensjonane forma av, og med på å forme debatten omkring innvandring, og framtida til Fransk nasjonal identitet.

Den moralske økonomien til innvandring i Frankrike

Musso hevdar at politiske og juridiske temporalitetar også utgjer kjernen av korleis "problemet" omkring sex-arbeidarar blir definert. Heller enn å definerast som eit helseproblem, blir debatten om sex-arbeid ramma inn av diskursar omkring innvandring og menneskehandel. I Frankrike førte dette til kriminaliseringa av sex-kjøp i 2016, og til politiske tiltak som tek sikte på å hjelpe kvinner ut av sex-industrien. Musso seier at denne politikken grunnar i moralske forestillingar om kjønn, eller det ho kaller ein form for stats-feminisme, der dei moralske aspekta ved sex-arbeid blir framheva, heller en dei helsemessige aspekta. Endringa av lovverket i 2016 har ført til mobiliseringar mot lova som kriminaliserer sex-kjøparar, og er eit interesant komparativt utgangspunkt for analysa av dei politiske mobiliseringane som førte til innføringa av "sjukdomsklausulen" på 90-talet.

- I medisinsk antropologi har ein observert at den moralske økonomien på innvandringsfeltet i Frankrike ofte er bygd rundt diskursar om helse, og særskild rundt ein medlidenhetsdiskurs på den eine sida, og ein frelsardiskurs på den andre. Medan den underliggande logikken bak regulariseringa av AIDS-pasientar generelt appelerar til medlidenhet til pasientane, blir sex-arbeidarar oppfatta som mennesker som må reddast, og offentleg politikk retta mot denne gruppa er strukturert rundt eit narrativ der franskmenn er "frelsarar" eller redningsmenn av kvinnelege "offer", seier Musso. Ho understreker den kvalitative skilnaden frå tidlegare diskursar om migrasjon, særskild dei som rådde på 70-talet, då innvandrarane si evne til å arbeide, eller deira behov for politisk asyl stod i fokus. - Me ser ei endring i måten innvandrerkroppen er konseptualisert, som medisinsk antropologi har vært særskild god til å få fram. 

Temporalitet, alder, og den politiske innvandrarkroppen

Gjennom deltakinga i WAIT-prosjektet har Musso blitt inspirert til å inkludere spørsmål om tid og temporalitet i sitt arbeid, og reflektere over kva som står på spill i høve til desse problemstillingane. - I høve til den sosiale historia til AIDS har det opna for ei utforsking av den politiske innvandrarkroppen, i skjæringspunktet mellom migrasjon som eit helseproblem og eit politisk problem, seier ho. Som del av Musso sitt bidrag til WAIT-prosjektet ynskjer ho å sjå på betydninga av alder, som eit konkret uttrykk for dei temporale dimensjonane ved innvandring: - Eg planlegg eit kortare feltarbeid i Frankriket for å sjå på korelis kroppen og stadfestinga av alder er ulikt konstitutert i ulike kontekstar. Alder - kor vidt ein blir sett på som barn eller vaksen - er ein sentral faktor i tilgangen til statsborgarskap for mange innvandrarar, slik også den norske debatten har vist. Det er dermed eit fenomen i skjæringspunktet mellom det sosiale og det biologiske, som medisinsk antropologi er egna til å utforske.

Det har vært ei stor glede for SKOK å huse Musso medan ho har vært i Noreg, og dei tilsette ved huset ser fram til å følgje arbeidet hennas i åra som kjem.