Hjem
Sosiologisk institutt
Nyheter

Er det islam som driv dei til terror?

Professor på sosiologisk institutt, Atle Møen, hadde denne helga ein kronikk i BT: Er det islam som driv unge menn til terror, eller er det heller eit opprør frå utstøytte og fornedra unge menn?

Terrorism
Foto/ill.:
www.colourbox.com

Hovedinnhold

Det er nesten ufatteleg at ein ung mann kan setja seg ned bak rattet i ein diger lastebil og køyra med fullt overlegg mot barn, unge menneske med nesten heile livet framføre seg, kvinner og menn, gamle menneske, og mange ekstra skjøre med stokkar og i rullestolar. Alle desse liva, som ikkje vart fullbyrda, vart strødd utover Promenade des Anglais på grunn av dette hatet, denne djupe lengta mot å døy og denne lysta til å riva andre med seg ned i avgrunnen. Kvifor så mange døde sjeler som strever etter det evige? Nesten ufatteleg, men ikkje heilt, også dette kan forklarast.