Hjem

Filosofi, årsstudium

Filosofi stiller grunnleggande spørsmål om korleis verda er, korleis verda bør vere, og om vår plass i verda som menneske. Kva kjenneteiknar eit rettferdig samfunn? Burde eg frykte min eigen død? Korleis gir vitskapen oss kunnskap om verda vi lever i? På årsstudiet i filosofi vil du få anledning til å undersøke djupare dei store spørsmåla. 
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Kva lærer du?  

Som filosofistudent vil du lære kritisk tenking og øve opp dei analytiske evnene dine ved å studere både klassikarane og moderne filosofi. Dette vil gi deg nyttig kunnskap og sette deg i stand til betre å forstå og løyse problem  relatert til aktuelle samfunnsspørsmål, som for eksempel klima og miljø, helse og velferd, kunstig intelligens og global rettferd. Ikkje berre lærer du å analysere korleis ting er, men du lærer også å tenke systematisk om korleis dei bør vere.

Noko av det viktigaste du lærer, er å argumentere og resonnere, å granske og vurdere andre sine oppfatningar og argument, og å vere open og nysgjerrig. Filosofi utfordrar etablerte sanningar og er derfor ein spore til endring.  

Studiekvardag  

Dette er eit fulltidsstudium. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper saman med andre studentar, kan ei typisk veke ha 6-12 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Og ikkje minst, som filosofistudent blir du del av eit aktivt student- og fagmiljø som arrangerer ulike fagleg-sosiale samankomstar gjennom heile året.

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.

Kva kan du jobbe som?  

Folk med utdanning i filosofi blir særs gode til å sjå det vesentlege i store informasjonsmengder, og til å tenke kritisk, analytisk og løyse problem av ulikt slag. Dei er òg trena i å kommunisere klart og presist både munnleg og skriftleg.   

Dei fleste som har studert filosofi finn jobbar innan:

  • undervisning   
  • forsking   
  • offentleg administrasjon   
  • media    
  • organisasjonar   

Av dei som ikkje arbeider med undervisning eller forsking, er mange rådgjevarar og konsulentar av ulikt slag.   

Opptakskrav og søknadsfrist  

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging  

Årsstudium i filosofi startar i august og januar. Du kan velje om du vil starte i august eller januar. 

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester   

2. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling  

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudiet i filosofi.  

Vidare studiemoglegheiter  

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i filosofi. Årsstudiet i filosofi kan da i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.     

Studiet gir òg grunnlag for opptak til filosofididaktikk dersom du planlegg å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) etter fullført mastergrad. 

Spørsmål om studiet?  

Telefon: +47 55 58 93 70  

E-post: studierettleiar@fof.uib.no   

Studieplan  

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen