Hjem

Historie, årsstudium

Historie er faget om fortida til menneska, og handlar om samfunnsutvikling, samspel og konflikt frå antikken til i dag. Ved å kjenne til og forstå utviklingstrekk i fortida forstår vi også betre verda i dag, og står dermed betre rusta til å gjere gode val for framtida.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Studiepoeng60
  • StartVår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Faget gir oversikt over fortida til mennesket og korleis menneskelege samfunn har utvikla seg. Kva har kjønn og klasse, nasjonalitet, etnisitet og alder hatt å seie for denne utviklinga? Du får studere eldre og nyare historie, både norsk- og verdshistorie. På årsstudiet vil du få oversikt over og moglegheit til å fordjupe deg i både eldre og nyare historie.   

Studiekvardag 

Dette er eit fulltidsstudium. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper (saman med dine medstudentar), kan ei typisk veke ha 6-8 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og engelsk.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.   

Kva kan du jobbe som? 

Med ei utdanning i historie har du mange spennande yrkesmoglegheiter. Du kan for eksempel jobbe som  

  • historielærar  
  • arkivar  
  • journalist eller kommentator innan media  
  • konservator på museum  
  • rådgjevar i offentleg forvaltning  
  • redaktør eller konsulent i eit forlag 
  • medarbeidar i norske og internasjonale organisasjonar 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Vi anbefaler at du startar årsstudiet i historie i januar, men du har studierett frå hausten av. På hausten kan du ta andre fag som vert tilbydd ved UiB. 

Eit årsstudium i historie kan sjå slik ut: 

1. semester  

2. semester  

Vel to av emna: 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudiet i historie.  

Vidare studiemoglegheiter 

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i historie. Årsstudiet i historie kan då i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.   

Årsstudium historie saman med ein mastergrad i eit anna skolefag gir grunnlag for opptak til historiedidaktikk ved opptak til Praktisk pedagogisk utdanning (PPU).  

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast.

Les heile studieplanen