Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRHF-HIS Historie, årsstudium, vår 2024

Studiestart - semester

Vår og haust. Anbefalt oppstart om våren.

Mål og innhald

Historie er faget om fortida til menneskja: Om samhandling og konflikt i menneskelege samfunn frå antikken til i dag, lokalt, nasjonalt, og internasjonalt. Det handlar om kulturell og sosial, politisk og økonomisk utvikling, og om kva kjønn og klasse, nasjonalitet, etnisitet og alder har å seia for denne utviklinga. Til saman skal studiet fremja kunnskap om og forståing av viktige sider ved samfunnsutviklinga både i og utanfor Noreg, både i eldre og moderne tid.

Studiet skal gi innsikt i utviklinga av historiefaget og auka forståinga av at ikkje berre dei menneskelege samfunna har endra seg, men også historievitskapen. I tillegg vil studiet gi innsikt i korleis ulike metodiske tilnærmingar påverkar tolkinga av og kunnskapen om fortida. Studiet inneheld både oversikts- og fordjupingsdelar, slik at studentane kan kombinera innsikt i 'dei store linjene' i historia med nærstudium av spesielle problemfelt.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten har god oversikt i norsk og internasjonal historie frå antikken til i dag. Gjennom fordjupingsemne har studenten særskild god innsikt i nokre sentrale historiske tema, teoriar, metode og forskingstradisjonar både i eldre historie (før 1750) og nyare historie.

Ferdigheiter:

Studenten har ferdigheiter i å trekke linjer mellom historiske hendingar, drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar.

Generell kompetanse:

Studenten har kompetanse til å setja seg inn i nye problemfelt og å analysera saker frå fleire sider. Studenten kan sette nåtidige fenomen inn i ein breiare historisk ramme.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i norsk og engelsk er viktig.

Obligatoriske emne

Årsstudium i historie ved Universitetet i Bergen utgjer totalt 60 studiepoeng i historie, der emna HIS101 og HIS102 er obligatoriske.

Tilrådde valemne

Studenten kan velje mellom ei rekke ulike fordjupingsemne i historie som tredje og fjerde emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Årsstudium i historie er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Studenten tek normalt to emne kvart semester. To av emna gir oversikt over eldre og nyare historie, både norsk og verdshistorie, og desse emna må inngå. Studenten skal óg fordjupe seg i historiske emne, og her vel ein sjølv blant emna som instituttet gir undervisning i.

Valemne:

Haust:

HIS108 - Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (skuleeksamen)

HIS111 - USAs historie (skuleeksamen)

HIS113 - Fordjuping i eldre historie (mappeevalueringsemne)

HIS114 - Fordjuping i eldre historie (skuleeksamen)

HIS115 - Fordjuping i nyare historie (mappeevalueringsemne)

HIS116 - Fordjuping i nyare historie (skuleeksamen)

HIM101 - Oversikt over Midtaustens historie (skuleeksamen)

HIM103 - Islam og politikk (skuleeksamen)

HIM105 - Fordjuping i Midtaustens historie (skuleeksamen)

Vår:

HIS101 - Oversyn over eldre historie (mappeevaluering)

HIS102 - Oversyn over nyare historie (semesteroppgave)

EUR103 - Europa etter 1945: ressurser, demografi, økonomi (skuleeksamen)

Delstudium i utlandet

Studentar på årsstudium har ikkje høve til å ta delstudiar i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil hovudsakleg vere i form av forelesingar.

Vurderingsformer

Gjennom årsstudium i historie kan studentane bli prøvd i ulike vurderingsformer som mappevurdering og skuleksamen. Sjå dei einskilde emneplanane for vurderingsform.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Grunnlag for videre studium

Eit årsstudium kan normalt inngå i ein bachelorgrad som eitt av tre år i denne. Det tilrådde årsstudiet i historie kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i bachelorprogram i historie.

I kombinasjon med mastergrad, kan eit årsstudium historie gi grunnlag for opptak til historiedidaktikk ved opptak til Praktisk pedagogisk utdanning (PPU).

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet er ikkje i seg sjølv eit grads- eller vitnemålsgivande studium. Årsstudiar er ei kortare utdanning som kan brukast til å komplettere tidlegare utdanning anten ved å spisse denne eller ved å gi ein større bredde. Årsstudiet er satt saman mellom anna for å gi ytterlegare undervisningskompetanse for tilsetting i skuleverket.

Personar med årsstudium i historie arbeider i mange ulike yrke, mellom anna i offentleg forvalting, skuleverket, museum, kultursektoren, ulike media, i tillegg til offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.

Evaluering

Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap,

Programstyret for historie.

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet .

Adminstrativt ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no