Hjem

Nordisk, årsstudium

På årsstudium i nordisk lærer du om det norske språket og den norske litteraturen. Du får vite meir om språk, lesemåtar, kulturhistoriske samanhengar og litteraturen sin plass i samfunnet. Dessutan lærer du litt om dansk, svensk, færøysk og islandsk.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartVår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Du får kunnskap om nordisk språk og litteratur i eldre og nyare tid. Du lærer om korleis dei nordiske språka har endra seg over tid, om moderne norsk og om ulike språklege fenomen. Du får kunnskap om samanhengen mellom språk og samfunn og ei betre forståing av den rolla språk har i kommunikasjon og tenking. Du får òg lære om korleis måten vi skriv og tenker på har endra seg frå mellomalderen og fram til i dag.

På litteratursida får du kunnskap om dei beste litterære verka som er skrivne på norsk. Du får òg lese litteratur frå andre nordiske land. Du får kunnskap om litteraturhistorie, litteraturteori og dei litterære sjangrane. Du får ei betre forståing for korleis litteraturen heng saman med samfunnet elles, der faktorar som mellom anna kjønn og klasse speler inn. I tillegg lærer du korleis ein kan tolke og analysere litterære tekstar.  

Studiekvardag 

Årsstudium i nordisk er eit fulltidsstudium. I tillegg til sjølvstudium kan ei vanleg veke innehalde både forelesingar og seminarundervisning. Undervisninga er på norsk, mens pensum er på både norsk og engelsk. Det kan òg vere litt undervisning og pensum på dansk og svensk.  

Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. Du vil typisk ha undervisning om lag 16-20 timar i veka. I tillegg kjem sjølvstudium. Om du vil kan du òg danne ei studiegruppe, der du arbeider og løyser oppgåver saman med andre.   

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.

Meir om studiekvardagen på HF-fakultetet

Kva kan du jobbe som? 

Studiet gir grunnlag for betre skriveferdigheit og kompetanse til å undervise og å arbeide med språklege og litterære emne i andre yrke. Arbeidsgjevarar treng tilsette som skriv gode norske tekstar og tenker strukturert, og som har kunnskap om tekst. Interessa for norsk språk, litteratur og kultur er dessutan aukande i utlandet. Alle bransjar treng tilsette som har god kompetanse i språk. 

Med eit årsstudium i nordisk språk og litteratur kan du jobbe for eksempel:   

  • som lærar  
  • i forlagsarbeid  
  • med journalistikk  
  • med administrasjon  
  • med kulturformidling  

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Studiet inneheld to litterære og tre språklege emne.  

1. semester

2. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudiet i nordisk.  

Vidare studiemoglegheiter 

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur. Årsstudiet i nordisk kan i sin heilskap inngå i bachelorgraden. Med ein bachelorgrad kan du søke deg vidare til masterprogram i nordisk språk og litteratur.   

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar.lle@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her