Hjem
Utdanning

Omfang og studiepoeng

60 studiepoeng

Undervisningsspråk

Norsk og eventuelt dansk og svensk.

Studiestart - semester

Vår

Mål og innhald

Studiet skal gje ei allsidig orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre morsmål skal lære seg norsk språk. Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar. Det høver òg som etterutdanning for lærarar som ønskjer å utvide kunnskapane sine om språk, språklæring og språkundervisning.

Studiet er eittårig. Det er samansett av seks obligatoriske emne:

NOSPAN101 Moderne norsk (15 studiepoeng)

NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 studiepoeng)

NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 studiepoeng)

NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 studiepoeng)

NORAN105 Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv (5/10 studiepoeng)

NORAN106 Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv (5/10 studiepoeng)

Læringsutbyte

Ein kandidat med årsstudium i norsk som andrespråk skal kunne

  • analysere og tolke norsk språkbruk hos minoritetsspråklege elevar
  • ha tileigna seg kunnskap om språklæringsteori og didaktikk
  • kunne vurdere pragmatiske, tekstlege, litterære og kulturelle tilhøve i tilknyting til den språkkunnskapen og dugleiken elevane skal tileigne seg
  • kunne vurdere praktisk språkleg dugleik hos språkinnlærarar og evaluere ulike vurderingsformer og -praksisar
  • kunne nytte dei teoretiske kunnskapane til å ta gode didaktiske avgjerder
  • skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK eller tilsvarande.

Obligatoriske emne

Obligatoriske emne: NOSPAN101, NORAN104, NORAN105, NORAN106, NORAN107, NORAN109

Tilrådde valemne

Ingen

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (vår): NOSPAN101, NORAN105, NORAN106

2. semester (haust): NORAN104, NORAN107, NORAN109

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, oppgåveskriving under rettleiing, kollokvium.

Vurderingsformer

Skriftlege og munnlege prøver, mappeoppgåver og rettleidde oppgåver.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Grunnlag for videre studium

Studiet kan nyttast som del av ein bachelorgrad etter reglar som gjeld for kvart program.

Relevans for arbeidsliv

Saman med praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer studiet for norskundervisning.

Evaluering

Studiet vert evaluert jamleg i samsvar med gjeldande reglar.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt: studierettleiar@lle.uib.no