Hjem
Utdanning

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Gjennom studiet i informasjonsvitskap utviklar du evner til samarbeid og kritisk tenking, og kreativitet er noko som er sentralt i arbeidet med å lage dei beste løysningane for brukarane. Du lærer korleis behandling av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). IKT kan for eksempel vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskinar, datanettverk og internett. Desse kunnskapane vert nytta til aktiv problemløysing og produktutvikling.

Eit årsstudium gir ikkje noko form for vitnemål/gradsbevis, men ei karakterutskrift over avlagde eksamenar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Rekkefølgje for emne i studiet

Årsstudium med spesialiseringsemne

For deg som har studert før

1. semester

2. semester

  • INFO110 Informasjonssystem
  • INFO135 Vidarekommande programmering
  • INFO104 Formelle metodar for informasjonsvitskap eller INFO263 Interaction Design and Prototyping

Årsstudium med innføringsemne og ex.phil

Anbefales studenter uten tidligere studieerfaring

1. semester

2. semester

  • INFO104 Formelle metodar for informasjonsvitskap
  • INFO110 Informasjonssystem
  • INFO135 Vidarekommande programmering

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde som er informasjonssystem, datahandtering og programutvikling. Fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ein bachelorgrad i informasjonsvitskap, som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i informasjonsvitskap. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre studium.

Årsstudiet i informasjonsvitskap gir grunnlag for opptak til PPU ved UiB.