Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i digital kultur

Omfang og studiepoeng

Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk. Engelsk ved behov.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål

Hovudmåla for bachelorprogrammet i digital kultur er:

  • å gjere studentane kjende med informasjonsteknologien sin historiske dimensjon, med dei etiske problema som teknologien reiser, med nye estetiske objekt som er knytte til digitale medium, og med nye nettverksbaserte forum og kommunikasjonsformer
  • å gi studentane ei brei og variert forståing av kulturelle, samfunnsmessige og estetiske sider ved informasjonssamfunnet
  • å gi studentane kulturell og historisk innsikt i forholdet mellom teknologi, kultur og menneskeleg sjølvforståing
  • å gi studentane praktisk og fagleg erfaring i sosiale medium, informasjonsarkitekturar og programvare

Bachelorprogrammet i digital kultur skal gjere studentane i stand til å vurdere dei nemnde sidene ved informasjonssamfunnet på ein sjølvstendig og kritisk måte.

Innhald

Bachelorprogrammet i digital kultur omhandlar sosiale, kulturelle, estetiske og etiske aspekt ved informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Studiet rettar spesiell merksemd mot digital kunst og kultur, og mot samspelet mellom kultur, samfunn og teknologi. Studiet legg vekt både på teoretiske, historiske og analytiske tilnærmingar og forståingar av digital kultur. I dette studiet er det viktig å bygge opp ei forståing ut frå eigne erfaringar, og mange av emna involverer praktisk arbeid i datalab knytt til webdesign, skriving på web, koding og strukturering av data.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei kunnskap om viktige tema, teoriar og metodar innan digital kultur, og om sentrale digitale verktøy
  • har kunnskap om digitale uttrykksmåtar, artefaktar, praksis og samhandlingsformer
  • har kunnskap om digital kultur si tverrfaglege historie, tradisjonar, kultur, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte den akademiske kunnskapen og relevante forskingsresultat om digital kultur til å løyse praktiske og teoretiske problem innan design, koding og evaluering av informasjonssystem, identitetsutvikling, lese- og skriveferdigheiter og estetikk, og vidare løyse utfordringar knytt til nettaktørar si sjølvforståing
  • kan finne, evaluere og referere til informasjon om digital kultur på ein fagleg relevant måte
  • kan meistre relevante faglege verktøy og kommunikasjonsformer innan digital kultur

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i etiske spørsmål som er relevante for forsking innan digital kultur
  • kan planlegge og utføre varierte oppgåver innan koding, utvikling av prosjekt innan digital formidling og leiing og utvikling av slike over tid, åleine eller som del av ei gruppe
  • har skrive- og formidlingskompetanse innan ramma av digitale plattformar
  • kan formidle viktige akademiske teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • er kjend med ny tenking og innovasjon innan feltet digital kultur

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode leseferdigheiter i engelsk er ein føremon.

Innføringsemne

  • Examen philosophicum EXPHIL-HFSEM seminarmodellen (10 sp.) eller EXPHIL-HFEKS skuleeksamen (10 sp.)
  • EXFAC00AS Akademisk skriving (10 sp.) eller EXFAC00SK Språkkunnskap (10 sp.)
  • DIKULT101 Introduksjon til kunst, teater og digital kultur (10 sp.)

Obligatoriske emne

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).

Tilrådde valemne

Studenten kan velje valemne eller såkalla frie studiepoeng i ein bachelorgrad, fritt blant alle emne ved Universitetet i Bergen så framt det er plass og studenten har opptaks- og forkunnskapskrava som gjeld for emnet. Ein kan også bruke emne ein har fullført tidlegare som frie studiepoeng i ein bachelorgrad. EXFAC00AS, EXFAC00SK eller EXPHIL kan ikkje brukast som frie studiepoeng.

Snakk med studierettleiar om du er usikker på korleis du vil legge opp valemna dine. Ein tilrår generelt at studenten vel emne med tanke på si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i digital kultur kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum (10 sp.)
  • EXFAC00AS eller EXFAC00SK (10 sp.)
  • DKT100 Introduksjon til kunst, teater og digital kultur (10 sp.)

2. semester (vår)

  • DIKULT103 Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspill (15 sp.)
  • DIKULT104 Datateknologi: historie, teori og praksis (15 sp.)

3. semester (haust)

  • DIKULT105 Webdesign I (15 sp.)
  • DIKULT106 Kultur og normer i informasjonssamfunnet: identitet, kjønn og samhandling (15 sp.)

4.-5. semester (vår og haust)

6. semester (vår)

  • Obligatoriske spesialiseringsemne på 200-nivå med bacheloroppgåve (30 sp. til saman)

Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivå. Sjå tabell for detaljerte opplysingar om kvart emne. Snakk med studierettleiar om du treng råd rundt studieløpet ditt.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Les meir om utveksling her.

www.uib.no/student/48724/slik-reiser-du-p%c3%a5-utvekslingSjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er hovudsakleg skriftleg og munnleg vurdering. Informasjon om vurderingsform for kvart emne står i emneplanen.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, vert tilgjengeleg digitalt på www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søke opptak til masterprogrammet i same fagområde ved Universitetet i Bergen.

Relevans for arbeidsliv

Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden. Kompetanse på korleis teknologi påverkar oss og korleis vi kan bruke den på ein måte som er trygg, rettferdig og demokratisk, blir meir og meir etterspurd.

Kandidatar med bachelorgrad i digital kultur får mange ulike kvalifikasjonar. Nokre av dei fremste er at dei kan:

  • vurdere korleis nye forteljarformar og digital estetikk kan nyttast i å lage nye kulturelle opplevingar, nye kulturarenaer og nye formidlingsformer.
  • vurdere kva det vil bety for organisasjonen eller brukarane å ta i bruk ein bestemt teknologi.
  • planleggje, leggje til rette, innovere og evaluere bruk av digitale medium i kulturinstitusjonar, offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.
  • vurdere og formidle analysar av digital kunst og kultur og på denne måten ha grunnlag for å drive med plan- og utgreiingsarbeid både i offentlege etatar og i journalistiske samanhengar.
  • planleggje og gjennomføre undervisnings- og opplæringsarbeid i bruk av digitale medium, og sjølv kunne delta i formidlingsarbeid gjennom digitale medium.
  • løyse praktiske og teoretiske problem innan design, koding og evaluering av informasjonssystem, identitetsutvikling, lese- og skrivedugleikar og estetikk, og vidare løyse utfordringar knytt til nettaktørar si sjølvforståing.

Evaluering

Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no

Tlf: 55 58 24 00