Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i kunsthistorie

Omfang og studiepoeng

Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk. Engelsk ved behov.

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Mål

Bachelorprogrammet i kunsthistorie skal gi teoretiske, analytiske og metodiske føresetnader for å forstå visuell kunst, arkitektur og visuell kultur som historiske, kulturelle og sosiale fenomen. Programmet gir eit godt grunnlag for arbeid i kultursektoren, både i offentleg og privat sektor. Programmet gir også teoretisk og praktisk kompetanse for dei som vil skape eigne karrierevegar knytt til kulturforvaltning og frie næringar.

Innhald

Studiet utforskar den visuelle kulturhistoria frå antikken til i dag med utgangspunkt i mellom anna måleri, skulptur, masseproduserte bilete og moderne sjangrar som fotografi, film og elektroniske bilete, samt arkitekturhistorie, kulturminnevern og byplanlegging. I starten av studiet blir det lagt stor vekt på å gi studentane ei brei innføring i faget, både historisk og når det gjeld kunstnarlege uttrykksformer. Siste del av studiet gir ei fordjuping i teoretiske spørsmål og moglegheit for spesialisering. Kandidatane blir introduserte for relevant forskingslitteratur og den pågåande diskusjonen kring teoretiske og metodiske tilnærmingar. Programmet gir såleis innsikt i analytiske, teoretiske og metodiske føresetnader for å forstå kunst, arkitektur og visuell kultur som estetiske, historiske, kulturelle og sosiale fenomen. Hovudtyngda i studiet av antikken vil ligge på høgkulturane i middelhavsområdet med ei særleg vekt på dei greske bystatane og Romarriket. I studiet av mellomalderen legg ein vekt på både Vesten og Det bysantinske riket. Studiet av nyare tid er i hovudsak avgrensa til den vestlege kunsten, kor ein også problematiserer postkoloniale perspektiv og globalisering. Ein har blikk for visuell og materiell kulturarv frå Noreg, samstundes som dette blir kombinert med kritiske og internasjonale perspektiv.

Studiet nyttar forsking og ekspertise knytt til eldre og nyare visuell og materiell kunst, og ein gjer aktivt bruk av kulturarv og kunstinstitusjonar som finst i Bergen. Studieprogrammet gir grunnlag for vidare spesialisering på mastergradsnivå.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei oversikt over kunst, arkitektur, visuell kultur og teoriar om det visuelle frå antikken og fram til i dag
  • har kjennskap til dei viktigaste problemstillingane, metodane og analytiske verktøya som blir nytta i kunsthistoriefaget
  • har kjennskap til sentrale forskingstradisjonar innafor kunsthistoriefaget
  • har føresetnad for sjølvstendig fordjuping i kunsthistorie på bakgrunn av brei kunnskap og oversyn over fagområdet
  • har oversikt over den moderne kunsthistoriedisiplinen si historie frå om lag 1750 fram til i dag
  • kjenner til fagområdet sitt tradisjonelle nedslagsfelt i forskingsinstitusjonar, museum, kulturminneforvaltning og i offentlege og private kunstformidlingsinstitusjonar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan grunngi praktiske tiltak og teoretisk problemløysing innafor formidling og forvaltning med grunnlag i sin eigen kunsthistoriske fagkunnskap
  • kan reflektere over og justere si eiga faglege verksemd under rettleiing innafor institusjonelle rammer som er relevante for kunsthistoriefaget
  • kan finne fram kunsthistorisk informasjon frå t.d. bibliotek, museum og arkiv og framstille dette slik at det set lys på konkrete problemstillingar
  • kan uttrykke seg i eit kunsthistorisk fagspråk

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan løyse varierte og langvarige arbeidsoppgåver, og vurdere om arbeidsoppgåvene blir utførte etter etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt kunsthistorisk fagstoff skriftleg og munnleg
  • kan utveksle eigne synspunkt og erfaringar med andre i kunst- og kulturfaglege samanhengar og slik bidra til å utvikle god kunsthistorisk praksis
  • har kjennskap til nyorienteringar innan det kunsthistoriske fagfeltet
  • har innsikt i etiske spørsmål innafor kunsthistorisk forsking, formidling, museumsarbeid, kulturminneforvaltning og i offentlege og private kunstformidlingsinstitusjonar

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode leseferdigheiter i engelsk er ein føremon.

Innføringsemne

og minimum eitt av emna:

Akademisk skriving er sterkt tilrådd. I tillegg er det tilrådd å ta emnet DKT100 - Introduksjon til kunst, teater og digital kultur i det første semesteret.

Obligatoriske emne

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).

Tilrådde valemne

Studenten kan velje valemne eller såkalla frie studiepoeng i ein bachelorgrad, fritt blant alle emne ved Universitetet i Bergen så framt det er plass og studenten har opptaks- og forkunnskapskrava som gjeld for emnet. Ein kan også bruke emne ein har fullført tidlegare som frie studiepoeng i ein bachelorgrad. EXFAC eller EXPHIL kan ikkje brukast som frie studiepoeng.

Snakk med studierettleiar om du er usikker på korleis du vil legge opp valemna dine. Ein tilrår generelt at studenten vel emne med tanke på si vidare utdanning eller yrkesplanar.

NEU201 Nevroestetikk og/eller KUN209 Kunst, retorikk og lærdomstradisjonar i før- og tidlegmoderne tid, kan vere relevante valemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i kunsthistorie kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum (10 sp.)
  • EXFAC00AS Akademisk skriving (10 sp.)
  • DKT100 - Introduksjon til kunst, teater og digital kultur (10 sp.)

2. semester (vår)

  • KUN105 Kunst og kultur i antikken, Bysants og tidleg mellomalder (15 sp.)
  • KUN106 Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1950 (15 sp.)

3. semester (haust)

  • KUN107 Kunst og kultur i mellomalder, renessanse og barokk (15 sp.)
  • KUN108 Kunst, arkitektur og visuell kultur 1950-i dag (15 sp.)

4.-5. semester (vår og haust)

6. semester (vår)

  • Obligatoriske spesialiseringsemne på 200-nivå med bacheloroppgåve (30 sp. til saman)

Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivå. Sjå tabell for detaljerte opplysingar om kvart emne. Snakk med studierettleiar om du treng råd rundt studieløpet ditt.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Les meir om utveksling.

www.uib.no/student/48724/slik-reiser-du-p%c3%a5-utvekslingSjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er hovudsakleg skriftleg og munnleg vurdering. Informasjon om vurderingsform for kvart emne står i emneplanen.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, er å finne digitalt på www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i same fagområde ved Universitetet i Bergen.

Relevans for arbeidsliv

Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden.

Som kunsthistorikar har du viktige oppgåver i samfunnet: Du skal ta vare på fortida, vere med på å planlegge framtida og vere ein sentral aktør i utforminga av samtida.

Kunnskap om kunstens historie, om visuell kultur og arkitekturhistorie er etterspurd i museum, etatar som arbeider med bevaring og vern av historiske bygningar og kulturmiljø, eller med byutvikling.

Turistnæringa treng og folk med kunst- og kulturkunnskap, så vel som evne til god språkleg og munnleg formidling.

Kandidatar med bachelorgrad i kunsthistorie får mange ulike kvalifikasjonar. Fleire jobbar innafor:

  • kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar
  • kulturjournalistikk og informasjonsarbeid innanfor kunst- og kulturfeltet
  • kulturminneforvaltning, kunst- og kulturadministrasjon på sentralt og lokalt plan
  • undervisning i ulike samanhengar

Evaluering

Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på www.kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

www.uib.no/hf/24361/infosenteret-ved-hfTa gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no

Tlf: 55 58 24 00