Hjem

Vær hav og klimafysikk, bachelor, 3 år

Dette studiet opnar dører til å forstå vêr, havstraumar og klimaendringar gjennom matematikk og fysikk. Med høyt etterspurt kompetanse på dagens arbeidsmarknad, kan du være med på å løysa utfordringar forårsaka av klimaendringar, ekstremver, havforsuring og global oppvarming.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar

    20

  • OpptakskravREALR2
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du?

På studiet lærer du å forstå  kombinasjonen av meteorologi og oseanografi. Gjennom praktisk erfaring og kodeferdigheiter utforskar du fysiske, kjemiske og statistiske samanhengar. Du får delta i spennande feltarbeid med forskingsfartøy og dronar for å samle inn nøkkeldata. Du dykkar ned i fagområde som stråling, termodynamikk, mikrofysikk, væskedynamikk, samt kretsløp i hav og atmosfære. Denne breie forståinga dannar grunnlaget for avansert vêrvarsel, effektiv havovervaking og framtidsretta klimaføreseie, inkludert vurdering av klimatiltak. Bli ein del av eit unikt læringsmiljø som utfordrar grensene og rustar deg for å møte morgondagens utfordringar innan vitskap og berekraft.

Studiekvardag 

På Geofysisk institutt blir du ein del av eit engasjerande og inkluderande studentmiljø. Her samarbeider studentar på tvers av årskull med innleveringar og førebuingar til eksamen. Du kan forvente rundt seks dobbeltimar med forelesingar kvar veke, i tillegg til rekneøvingar. Praktisk læring inkluderer laboratorie- og dataøvingar, samt spennande tokt og feltarbeid. Lesesalplassar finn du på Universitetsbiblioteket og i Allégaten 66. Det aktive fagutvalet, Geofysisk fagutval (Coriolis), arrangerer både sosiale og faglege aktivitetar. Følg studentlivet på Instagram. Ved Geofysisk institutt blir du ein del av Nordens største klimaforskingsmiljø som samarbeidar tett med store, internasjonale bedrifter.

Kva kan du jobbe som?

Med ein bachelorgrad i Vêr, hav og klimafysikk får du ein svært ettertrakta kompetanse i dagens arbeidsmarknad. Aktuelle område strekkjer seg frå konsulentverksemd, grøn innovasjon og offentleg forvaltning til forsking og undervisning, med unik ekspertise i å forstå naturgitte forhold som vêr, hav og klima – essensielt for berekraftig ressursforvaltning, næring og teknologisk utvikling.

Arbeidsmarknaden etterspør kompetanse i matematikk, fysikk og koding, noko du meistrar etter dette studiet. Din utdanning blir avgjerande for framtidig verdiskaping og berekraft i samfunnet.

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i vêr, hav og klimafysikk er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. I bachelorprogrammet inngår: 

Slik kan studiet sjå ut: 

1. semester

  • Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng) 
  • Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng) 
  • Introduksjon til atmosfære, hav og klima (GEOF100, 10 studiepoeng) 

2. semester

  • Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng) 
  • Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng) 
  • Mekanikk I (PHYS111, 10 studiepoeng) 

3. semester

  • Atmosfære- og havfysikk (GEOF105, 10 studiepoeng) 
  • Funksjonar av fleire variablar (MAT212, 10 studiepoeng) eller Kjemi og energi (KJEM110, 10 studiepoeng) 
  • Valemne (10 studiepoeng) 

4. semester

  • Differensiallikningar (MAT131, 10 studiepoeng) 
  • Atmosfære-, hav- og klimadynamikk (GEOF110, 10 studiepoeng) 
  • Ex.phil (MNSEM eller MNEKS, 10 studiepoeng) 

5. semester

  • Dataanalyse i meteorologi og oseanografi (GEOF210, 10 studiepoeng) 
  • Fysisk klimatologi (GEOF212, 10 studiepoeng) 
  • Kjemisk oseanografi (GEOF236, 10 studiepoeng) 

6. semester

  • Praktisk meteorologi og oseanografi (GEOF232, 10 studiepoeng) 
  • Numerisk modellering (GEOF211, 10 studiepoeng) 
  • Valemne (10 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det enklaste er å reise på utveksling i femte og/eller sjette (siste) semester. Vi har avtalar med utvalde samarbeidsuniversitet der fagtilboda passar spesielt godt, blant anna i Tyskland, Austerrike og USA. Dette gjeld også for opphald på Svalbard (UNIS). 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Bachelorstudiet gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i meteorologi og oseanografi og andre relevante masterprogram.   

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen for bachelor i vêr, hav og klimafysikk 

Søk her