Hjem

Kognitiv vitskap, bachelor, 3 år

Kognitiv vitskap er eit datafagleg studium der du lærer om kunstig intelligens og korleis hjernen vår fungerer. Dette er det einaste studieprogrammet i kognitiv vitskap i Noreg.
  • Lengde3 År
  • Ordinær54
  • Primær48,8
  • Plassar29
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Studiet fokuserer på korleis menneskeleg tenking blir til i eit samspel mellom sansing, minne, språk, problemløysing og følelsar.  Du vil lære  å lage dataprogram som etterliknar desse evnene, for å sjå om dataprogramma er i stand til å framvise åtferd som liknar menneskeleg intelligens. 

Du  vil også lære korleis dei ulike evnene til hjernen vår fungerer kvar for seg og samla. Du vil utforske korleis vi menneske reflekterer over kvardagslege hendingar, korleis vi forstår språk, og korleis vi sansar verda omkring oss. Samla kan du bruke alt dette til å lage dataprogram som har kunstig intelligens, for eksempel dataspel, intelligente assistentar på mobilen og program som støttar medisinsk diagnose.   

Innan kognitiv vitskap diskuterer vi spørsmål som 

  • Kva er naturlege språk, og korleis forstår og bruker vi dei? 
  • Kva er logisk tenking, og kan maskinar tenke? 
  • Korleis kan du bruke symbolsk logikk til å modellere menneskeleg intelligens? 

Dette er det einaste studieprogrammet i kognitiv vitskap i Noreg. Du lærer om både kunstig intelligens, programmering og maskinlæring, og i tillegg mede eit fokus på menneskeleg informasjonsbehandling. Det gjer programmet til ein vitskapleg snarare enn ein reint teknisk disiplin. 

Studiekvardag 

Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Studentane på kognitiv vitskap er ei aktiv og tett gruppe med 20-30 studentar på kvart kull, med eiga linjeforeining. Dei er også ein del av eit større studentmiljø på Institutt for informasjons- og medievitskap. Her vert det arrangert festar, quiz og bedriftspresentasjonar. 

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.  

Det er mellom 14 og 18 timar undervisning i veka, blant anna forelesingar og praktiske øvingar. Mange av forelesingane er i seminarform, med mykje samhandling og kontakt mellom forelesaren og studentane. 

I ei vanleg undervisningsveke bruker du mykje tid på løysing av praktiske oppgåver på datalab. I tillegg vil du ha forelesingar, seminar-grupper, gruppearbeid og sjølvstudium. 

Studentar i kognitiv vitskap kan bruke lesesalar og datalabar både på SV-fakultetet og på  MatNat-fakultetet på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. 

Meir informasjon under

Bachelor i kognitiv vitskap

Producer:
UiB

Kva kan du jobbe som? 

Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tileigne deg både ein yrkesrelevant IT-kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Dette er ein kombinasjon som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden.   

Fleire av våre tidlegare studentar jobbar blant anna med 

  • kunstig intelligens 
  • språkteknologi 
  • data science 
  • programmering 
  • systemdesign 
  • brukarinteraksjon 
  • produkt- og forretningsutvikling. 

Informasjonsbehandling og programmering er ettertrakta i mange stillingar i industrien og i offentleg sektor. 

Teknologiske nyvinningar innanulike kunstig intelligens-tema vil gi deg ferdigheiter som er etterspurt hos selskap som satsar på slik teknologi. Aktørar som Google, Microsoft, IBM, Facebook og Apple er i dag svært opptatt av kunstig intelligens.  

Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. 

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Dei to første åra tar du obligatoriske fag. Det siste året vel du spesialisering i enten informatikk, informasjonsvitskap eller filosofi. 

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

5. semester

6. semester

Sjå oversikt over alle emne

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2019? Sjå oppbygging her.

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2022? Sjå oppbygging her.

Utveksling

Du kan reise på utveksling til for eksempel Hong Kong, Italia, Japan, Nederland, Sør-Korea eller USA. Du kan reise ut i eitt eller to semester. Det vanlegaste er å dra i det femte og/eller sjette semesteret.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bachelor kan du søke deg vidare på eit toårig masterprogram i det faget du har spesialisering i: enten informasjonsvitskap, informatikk eller filosofi. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 98 50 

E-post: studieveileder@ifi.uib.no  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her