Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i medie- og interaksjonsdesign

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i medie- og interaksjonsdesign er 3-årig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk er norsk. Enkelte forelesningar kan undervisast på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Medieinnhald blir i dag produsert med digitale verkty, og mediebruk er i aukande grad brukarstyrt og knytt til interaktive løysingar og on-demand-tenestar. Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign kvalifiserer studentane til å forstå kva brukarane trenge i slike situasjonar, og gjer dei i stand til å designe løysingar for interaksjon som gjer medieproduksjon effektivt og mediebruk brukarvennleg. Gjennom utdanninga får studentane kunnskap om interaksjonsdesign og digitale grenseflatar som sikrar inkluderande og intuitiv menneske-maskin interaksjon og positive brukaropplevingar knytt til medieproduksjon og mediebruk, inkludert web, mobile løysingar og spel.

Studiet er tverrfagleg og kombinerer teoretiske, praktiske og analytiske element frå medievitskap og informasjonsvitskap. Sentrale komponentar i studiet er interaksjonsdesign, visuell kommunikasjon, designprosessar, og webprogrammering og front end-utvikling. Studiet er prega av å vere eit praktisk orientert universitetsstudium som legg vekt på sjølvstudium, refleksjon og teoretisk kompetanse samstundes som det fokuserer på utvikling av praktiske og brukarvennlege løysingar for mediefeltet.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei kunnskap om sentrale tema, problemstillingar, verkty og metodar innan interaksjonsdesign og mediebruk.
  • kan bruke omgrep og metodar for interaksjonsdesign som inkluderer en forståing av menneskje og miljø, inklusiv emnar og omgrep innan grafisk design, interaksjonsdesign, designteori, brukaroppleving, prosjektplanlegging, programmering og datahandsaming.
  • har kunnskap om historia og tradisjonar innan interaksjonsdesign og mediebruksforsking, og fagfeltets plass i samfunnet.
  • har kunnskap om marknadsmessige, juridiske og etiske aspekt ved produksjon av interaktive media.

Dugleikar

Kandidaten

  • kan analysere interaksjonsdesign som del av ein kommunikativ prosess, og forklare korleis design kan påverke interaksjon og oppleving av interaktive digitale produkt, miljø, system og tenester, med særleg fokus på medieproduksjon og mediebruk.
  • forstår og kan foreslå løysingar på utfordringane knytt til design og samhandling med interaktivt medieinnhald.
  • kan planlegge og utvikle brukarorienterte interaktive system, herunder mediesystem med tilhøyrande innhald, og nytte teknikkar for testing og prototyping i alle fasar av designprosessen, inklusiv metodar for brukartesting og brukarsentrert design.
  • kan nytte ulike publiseringsplattformer og evaluere deira grenser og moglegheiter.
  • kan nytte verkty for bruk innan medieproduksjon.
  • kan utføre usabilitytesting og brukartestar, interaksjonsdesign og grafisk design, og nytte skriptprogrammering for web, mobile plattformer, og spel.
  • kan utføre spesialiserte oppgåver innan eitt av områda interaksjonsdesign, brukartesting, innhaldsproduksjon eller front-end-programmering.
  • kan med bakgrunn i akademisk tenkemåte evaluere designforslag og reflektere kritisk over eigen og andre sin designpraksis.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar.
  • kan planleggje og utvikle eit komplett interaksjonssystem i samarbeid med andre i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar innan interaksjonsdesign både skriftleg, munnleg og gjennom eigen designpraksis.
  • kan drøfte og utveksle synspunkt med fagfellar kva konsekvensar designval har for mediebruk, medieproduksjon og utforminga av medieinnhald.
  • kan arbeide sjølvstendig med design av interaksjonssystem, men òg i kreative team med personar med annan spesialisering.
  • kjenner til forskings- og utviklings- og innovasjonsarbeid innan interaksjonsdesign, og kan oppdatere sin kunnskap innan feltet.

Rekkefølgje for emne i studiet

  1. semester: Examen philosophicum (10 sp), MIX100 Grunnkurs i medie- og interaksjonsdesign (10 sp), INFO132 Grunnkurs i programmering (10 sp)
  2. semester: INFO263 Interaction Design and Prototyping (10 sp) og MIX114 Webutvikling (20 sp)
  3. semester: MIX203 Design for medieproduksjon (20 sp) og INFO125 Databasehandsaming (10 sp)
  4. semester: MIX204 Design for mediebruk (20 sp) og anten INFO135 Vidarekommande programmering (10 sp) eller INFO110 Informasjonssystem (10 sp) eller AIKI110 Kunstige agentar (10 studiepoeng)
  5. semester: Frie studiepoeng/utveksling (30 sp)
  6. semester: MIX250 Bacheloroppgåve (30 sp)

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil normalt vere satt saman av førelesingar, workshops, rettleiing, praksis, teknisk opplæring og labarbeid i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege og praktiske arbeid undervegs i studiet.

Deler av praksisen er internpraksis der studentane åleine og i gruppar produserar medieorienterte interaksjonsløysingar og tilhøyrande innhald. Andre deler av praksisen vil foregå i samarbeid med praktikarar innan interaksjonsdesign og frå mediebransjen, båe gjennom praktiske workshops leda av praktikare, og gjennom utplassering i ei bedrift der praktikare tek rolla som mentor.

Vurderingsformer

Dei fleste emna som inngår i studieløpet nyttar i all hovudsak mappevurdering, der kvar modul innan eit emne skal resultere i ein produksjon, ein produksjonsanalyse, eit teoretisk arbeid, eller ei kombinasjon av dei tre, som til slutt skal bli vurdert samla. Mappa skal óg inkludere eit refleksjonsnotat der studentane reflekterer over kva dei har lært av det samla arbeidet i mappa.

Studentane kan i enkelte emne bli vurderte gjennom individuelle eller gruppeutvikla oppgåver eller produksjonar. Studentane presenterer bachelorprosjekta sine munnleg.

Gruppearbeid blir vurdert på bakgrunn av individuelle oppgåver som studentane skriv med utgangspunkt i si spesialisering eller rolle i gruppa.

Karakterskala

Karakterar ved bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign vert gitt på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium i medie- og interaksjonsdesign (MASV-MIX).

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.