Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-ARK Arkeologi, master, 2 år, vår 2024

Namn på grad

Master i arkeologi

Undervisningsspråk

Dei fleste emna i programmet vert tilbydd på norsk, men enkelte emne vert tilbydd på engelsk.

Mål og innhald

Masterprogrammet i arkeologi er eit toårig studium som byggjer på bachelorgraden, med ei spesialisering i arkeologi på minimum 90 studiepoeng. Masterprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng, og femnar både praktisk og teoretisk arkeologi. Det tek sikte på å øve opp studentane si evne til tverrfagleg, systematisk og kritisk tenking. Gjennom kurs, seminar og det individuelle arbeidet med masteroppgåva skal studenten få god innsikt i arkeologisk problemformulering, teoridanning og forskingsmetode, og lære seg å meistre vitskapleg analyse og tolking innan arkeologifaget.

Arkeologi ved Universitetet i Bergen har ein norsk, nordisk og internasjonal profil. Det blir lagt særleg vekt på den heimlege og nordiske fortida, som blir studert i eit vidare geografisk perspektiv i dei forskjellige periodane. Studietilbodet i Bergen skil seg ut ved at undervisninga ikkje berre dekkjer norske og skandinaviske tilhøve, men dekker og klassisk arkeologi. Arkeologane ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er engasjert i prosjekter i Vest-Noreg, Fennoskandia, Nordvest- Russland og Nordatlantiske ormåder i nord, og sørover til Middelhavsområdet og Sør-Afrika. Felles for forskinga er at lokale prosesser og hendingar blir studert i regionale og overregionale perspektiv, ofte i eit langtidsperspektiv. Studiar av rurale og urbane landskap, erverv og busettingsmønster, teknologisk utvikling og identitet er sentrale emne.

Masteroppgåva er ein vitskapleg studie av eit emne som er valt i samråd med rettleiaren. Emna kan vere basert på arkeologiske data, men kan òg ta utgangspunkt i teoretiske og faghistoriske emne, eller tema innan forvalting og formidling. Gjennom skrivinga skal studenten finne emne, formulere problemstillingar og gjennomføre ei undersøking som vitnar om god fagleg vurdering og meistring av metodar og teori. Instituttet har som mål å gje rettleiing innan dei fleste relevante fagområda, men tek atterhald om rettleiingskapasitet.

Rettleiar er ein sentral støttespelar i arbeidet med masteroppgåva og ein person som har arbeidd mykje med fagfeltet du vel. På denne måten får du hjelp til og velje tema og problemstillingar, du får hjelp til litteraturval og til kva kjelder ein bør bruke. Rettleiar blir tildelt i det første semesteret av masterprogrammet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar:

Masterprogrammet i arkeologi er forskingsbasert og gir ny innsikt og kunnskap om ulike faglege område, basert på analytiske metodar, faghistorisk, kritisk tilnærming og forskingsetikk. Kandidaten har kunnskap om planlegging og gjennomføring av forskingsoppgåver, og kan formulere relevante problemstillingar og omfang av aktuelt materiale. Studentane har evne til tverrfagleg, systematisk og kritisk tenking. Kandidaten har dessutan avansert kunnskap om det avgrensa område som handsamast i masteroppgåva.

Ferdigheiter:

Programmet gir grunnlag for ulike tilnærmingar til arkeologi i samfunnet som forvaltning, vern, formidling og forsking. Etter å ha delteke på kurs, seminar, og rettleiing og arbeidd individuelt med masteroppgåva har studenten god innsikt i arkeologisk problemformulering, teoridanning og forskingsmetode, og har lært seg å meistre vitskapleg analyse og tolking innan arkeologifaget. Den viktigaste delen i programmet er masteroppgåva. Ein kandidat som har skrive ei masteroppgåve i arkeologi har ny kunnskap om eit nærmare avgrensa emneområde og veit korleis forskingsbasert kunnskap ervervast og formidlast gjennom analyse og argumentasjon.

Generell kompetanse:

Studentane kan formulere og gjennomføre ulike sjølvstendige prosjekt. Kandidatane kan formidle resultat gjennom kronikkar og vitskaplege artiklar. Dei har og kompetanse til analytiske, praktiske og administrative oppgåver.

Opptakskrav

Masterprogrammet i arkeologi byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i arkeologi, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i arkeologi.

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i arkeologi eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kompetanse i arkeologi.

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i kursdelen:

ARK307 Arkeologisk praksis 20 stp
ARK308 Landskap, kulturminne og forvalting, 10 stp
ARK303 Prosjektskildring 10 stp
ARK305 Teori og metode10 stp
ARK350 Arkeologi mastergradsoppgåve, 60 stp

AHKR300 Forskingsetikk (0 stp)

Tilrådde valemne

ARK304 Spesialemne knytt til mastergrad i arkeologi

Rekkefølgje for emne i studiet

Eit masterprogram i arkeologi med start i haustsemesteret kan sjå slik ut:

1. semester:
ARK308 - Landskap, kulturminne og forvalting (obligatorisk emne 10 stp)
ARK303 ¿ Prosjektskildring (obligatorisk emne, 10 stp)
ARK305 ¿ Teori og metode (obligatorisk emne, 10 stp)

2. semester:
ARK307 - Arkeologisk praksis (obligatorisk emne, 20 stp)
ARK304 ¿ Spesialemne knytt til mastergrad i arkeologi (10stp) eller anna valemne

3. og 4. semester:
ARK350 ¿ Arkeologi mastergradsoppgåve (obligatorisk emne, 60 stp)
AHKR300 ¿ Forskingsetikk (obligatorisk emne, 0 stp)

Delstudium i utlandet

Fagmiljøet kan etter søknad godkjenne at relevante emne for masteroppgåva ved universitet i utlandet kan utgjere inntil 30 stp av kursdelen i mastergraden.

Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er University of Durham, Christian-Albrechts-Universität zu Kiel, Aarhus Universitet og Universitetet i Lund.

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå www.uib.no/utveksling

Arbeids- og undervisningsformer

Masterstudentane skal bli kjent med sentrale metodar innan arkeologisk forsking, til dømes typologi, klassifikasjon og romleg distribusjon, eksperimentell arkeologi, tekst og materiell kultur. I tillegg til at studenten skal bruke arkeologiske teoriar og metodar i arbeidet med masteroppgåva.

Vurderingsformer

I løpet av masterstudiet vil studentane gjennomgå ulike vurderingsformer. I kursdelen vil dei utarbeide prosjektskisse, skrive artikkel, skrive rapport frå feltarbeid, og gje framføringar. Studiet blir avslutta ved vurdering av den skriftlege masteroppgåva, med påfølgjande munnleg eksaminasjon.

Karakterskala

Vi har to karakterskalaer:
1) A-F der F er stryk


2) Greidd/ikkje greidd


Begge karakterskalaer blir nytta i studieprogrammet.

Grunnlag for vidare studium

Etter endt mastergrad i arkeologi kan du også søke opptak til postmasteremnene AHKR391 Forskningsfordypning etter mastergrad og AHKR392 Historieformidling etter mastergrad.

Trykk her for informasjon om AHKR391

Trykk her for informasjon om AHKR392

Ein mastergrad i arkeologi kan også kvalifisere for opptak på Phd- studiar i arkeologi.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i arkeologi kvalifiserer for arbeid som arkeolog innan ulike felt, særleg knytt til forvalting og formidling, innan institusjonar som: fylkeskommune, museum og universitet, og dessutan Riksantikvaren og NIKU . Sidan det er den nordeuropeiske arkeologien som har stått sterkast her i landet, er det også her dei fleste stillingane har vore.
Arbeidsplassar for ikkje-europeisk og klassisk arkeologi finn ein først og fremst på universiteta, dersom ein ikkje vil arbeide i utlandet. I tillegg finn ein arkeologar i andre stillingar innan offentleg forvalting, innan arkivarbeid, media og journalistikk, kulturarbeid i vid forstand og undervisning.

Evaluering

Masterprogrammet i arkeologi blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:

Studierettleiar@ahkr.uib.no