Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i italiensk

Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år på full tid.

Fulltid/deltid

Fulltid

Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, må du levere formell søknad til instituttet. Les meir om dette i Rutinar for masterstudiet ved HF.

Undervisningsspråk

Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Mål og innhald

Italiensk masterstudium vil normalt vera eit 4 semesters fulltidsstudium som representerer ei fagleg fordjuping bygd på italiensk frå bachelorstudiet. Masterstudiet femner om fire emne (ITAL301 + 302 + 304 + 306) på til saman 60 stp og ei masteroppgåve (ITAL350) på 60 stp.

Masterstudiet i italiensk skal gje høve til spesialisering i språkvitskapleg eller litteraturvitskapleg lei. Spesialiseringa skal tuftast på eit breitt og inngåande oversyn over dei viktigaste fagdisiplinane og har som føresetnad at den munnlege og skriftlege dugleiken i italiensk språk stendig vert utvida med basis i kjennskap til den italienske kulturen i notid og fortid.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Etter fullført studium:

Kunnskapar:

Kandidaten

  • har brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område
  • har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane innanfor fagområdet
  • kjenner normene for akademisk skriving

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • kan setje seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
  • kan skaffe seg og nytte kunnskap på nye områder innanfor faget
  • kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan bruke IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføre eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
  • har kompetanse til å sjølvstendig kunne halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
  • kan uttrykkje på italiensk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde
  • kjenner til relevante kommunikative sjangrar
  • kan ta del i den offentlege debatten der denne vedrører fagområdet

Opptakskrav

Opptak til masterprogrammet i italiensk skjer annan kvart år med opptak i oddetalsår.

Masterprogrammet i italiensk byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i italiensk språk, litteratur og kulturkunnskap eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i italiensk

Andre bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i italiensk språk, litteratur og kulturkunnskap eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Spesifikke språkkrav: Søkarar som ikkje dekkjer kravet til norskkunnskapar, kan dekkje språkkravet med engelskkunnskapar på følgjande nivå:

  • IELTS academic- International English Language Testing System (British Council's): Minimum score of 6.0 on each of the bands: Listening, Reading, Writing and Speaking
  • TOEFL - Test of English as a Foreign Language, internet-based test (iBT): Minimum score of 80
  • PTE Academic- Pearson Test of English Academic: Minimum overall score of 53

Tilrådde forkunnskapar

Ingen formelle krav, men nesten all undervisning skjer på italiensk og føreset solide italienskkunnskapar.

Innføringsemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Obligatoriske emne

ITAL301/Italiensk språkhistorie og språkleg variasjon (H, 15 stp.)

ITAL302/Italiensk tekstudium og litteraturteori (H, 15 stp.)

ITAL304/Italiensk teoriemne (V, 15 stp.)

ITAL306/Italiensk særemne (V, 15 stp.)

ITAL350/ Italiensk masteroppgåve (60 stp.)

Studentane kan etter fagleg godkjenning ta ITAL306 og/eller ITAL304 ved eit anna universitet under utveksling. Det er også mogleg å erstatte ITAL306 med eit anna fagleg relevant emne ved UiB etter fagleg godkjenning.

Tilrådde valemne

  • ALLV201 Allmenn litteraturvitskap Litteraturteoretisk særemne (V, H, 15 stp)
  • LING311 Metode for språklege mastergrader (V, 10 stp)
  • DASP307 Språkvitenskapleg skriving for master- og PhD-studenter (V, 5 stp)
  • LINGMET* Vitskapsteori og metode for språklege mastergrader (V, 15 stp)
    *LINGMET blir ikkje tilbode våren 2020
  • eller eit anna godkjend valemne som blir tilbode ved UiB eller ved eit anna universitet

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (haust)

  • ITAL301/Italiensk språkhistorie og språkleg variasjon (15 stp.),
  • ITAL302/Italiensk tekststudium og litteraturteori (15 stp.)

2. semester (vår)

  • ITAL304/Italiensk teoriemne (15 stp.)
  • ITAL306/Italiensk særemne (15 stp.)

3. semester (haust)

  • ITAL350/ Italiensk masteroppgåve (60 stp.)

4. semester (vår)

  • ITAL350/ Italiensk masteroppgåve (60 stp.)

Alle emna i kursdelen (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land. Faget rår masterstudentane til å reise på utveksling i det 2. semesteret.

Tilrådde utvekslingsstader i Italia finn ein på nettsida til studieprogrammet www.uib.no/studieprogram/MAHF-ITAL.

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

Studentane kan reise på utveksling og ITAL306 og/eller ITAL304 i utlandet. Det er òg høve til å reise på feltarbeid i samband med masteroppgåva.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane høve til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.

Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studieløpet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Ein mastergrad i italiensk gjev god bakgrunn for undervisnings- oppgåver på høgre nivå og for arbeid både i offentleg sektor og innan privat verksemd på felt der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar. Italiensk masterstudium er òg utgangspunkt for forskarutdanning innan italiensk lingvistikk og litteraturvitskap.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuereig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med studierettleiar.if@uib.no for spørsmål om programmet.