Hjem

Lektor nordisk, master, 5 år

Kunnskap om norsk språk og litteratur er nødvendig for å forstå oss sjølv og vår samtid. På lektorutdanninga får du ei brei innføring i nordiske forfattarskap, litteraturteori og nordisk språkvitskap. Du lærer også korleis kunnskapen kan formidlast til elevar på ein måte som vekker leselyst og stimulerer til kritisk refleksjon. 
  • Lengde5 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravLÆRALT
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Nordiskstudiet tar for seg litteratur og språk frå både eldre og nyare tid. Du lærer om korleis dei nordiske språka har utvikla seg, om moderne norsk språk og ulike språklege fenomen. Du lærer òg om samanhengen mellom språk og samfunn, og om å ha norsk som andrespråk. Du får ei brei innføring i dei mest sentrale verka i nordisk litteratur. Du lærer om dei litterære sjangrane og den litteraturhistoriske utviklinga frå sagalitteratur til samtidslitteratur. I tillegg lærer du å tolke og analysere litterære tekstar.  

Studiet gir deg grunnlag for å undervise i to fag. Du tar master i nordisk og vel eit anna fag i tillegg. Det kan vere engelsk, fransk, tysk, spansk, historie, religionsvitskap eller sosiologi. I tillegg inneheld studiet pedagogikk (korleis vi lærer bort og oppdrar), fagdidaktikk (korleis vi lærer og underviser fag) og praksis i skolen allereie frå første semester.   

Som lektor kan du undervise på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skolen.  

Studiekvardag

I studiet vil du saman med andre lektorstudentar møte faga dine som skolefag gjennom teori og praksis. Du vil òg møte faga som universitetsfag saman med studentar på andre program. Praksisperiodane er obligatoriske og fordelt gjennom studiet. Der får du undervise i skolen og lære ulike måtar å formidle kunnskap på. Det siste året av studiet skal du skrive ei masteroppgåve. Gjennom masteroppgåva får du  moglegheit til å forske sjølvog fordjupe deg innanfor eitt område. 

Lektorprogrammet har eit godt miljø, med sterkt samhald gjennom heile studiet.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. Her finn du òg samlingsrommet «Lektors kontor», der lektorstudentane kan øve på undervisningsmetodar og samarbeide i grupper  

På UiB er det mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet. 

Kva kan du jobbe som? 

Lektorutdanning gjer deg først og fremst kvalifisert til jobb i den vidaregåande skolen eller i ungdomsskolen. Det er stort behov for lektorar i skolen, og lektorar frå UiB er kjent for å ha solid fagleg tyngde. Utdanninga gir deg grunnlag for undervisning i to fag.  

Utdanninga opnar òg for jobb utanfor skolen med for eksempel formidling, forsking, kommunikasjon og leiing.   

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å bli tatt opp til grunnskulelærarutdanningane og femårig lektorutdanning, må søkarar dokumentere anten minimum 35 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar) eller minimum 40 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk (for eksempel matematikk S1 og R1) med eit omfang på minst 140 årstimar eller tilsvarande

Ved opptak til studiet må du òg legge fram politiattest.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Lektorutdanninga går over 5 år og gir mastergrad. Dei fire første åra får du undervisning i didaktikk og pedagogikk i tillegg til i dei to undervisningsfaga. Du får òg vere i praksis i skolen dei fire første åra. I det femte året skriv du masteroppgåva.  Studiet er bygt opp slik: 

1. semester 

  • Examen philosophicum (10 studiepoeng) 
  • Pedagogikk (10 studiepoeng) 
  • Nordisk (10 studiepoeng) 
  • Praksis i skolen (10 dagar) 

2. semester 

  • Nordisk (30 studiepoeng) 

3. semester 

  • Det andre undervisningsfaget (20 studiepoeng)  
  • Fagdidaktikk i nordisk (10 studiepoeng) 
  • Praksis i skolen (10 dagar) 

4. semester 

  • Det andre undervisningsfaget (30 studiepoeng) 

5. semester 

  • Nordisk (10 studiepoeng) 
  • Fagdidaktikk i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng) 
  • Pedagogikk (10 studiepoeng) 
  • Praksis i skolen (35 dagar) 

6. semester

  • Nordisk (20 studiepoeng) 
  • Bacheloroppgåve i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng) 

7. semester (masternivå) 

  • Masteremne i nordisk (30 studiepoeng) 

8. semester 

  • Masteremne i nordisk (20 studiepoeng) 
  • Fagdidaktikk i nordisk (10 studiepoeng) 
  • Praksis i skolen (35 dagar) 

9. og 10. semester 

  • Masteroppgåve i nordisk (60 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i fjerde eller sjette semester. UiB har avtalar med ei rekke universitet i Europa og elles i verda. Eit utvekslingsopphald vil gi deg fagleg, kulturell og språkleg erfaring som du kan bruke i klasserommet. Vi hjelper deg med planlegginga.   

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Med lektorutdanning har du òg ein mastergrad som kan kvalifisere til søknad til ph.d.-program.  Du kan bygge på utdanninga ved å ta 60 studiepoeng i eit anna skolefag, slik at du kan undervise i fleire fag. Det finst også ulike moglegheiter for etter- og vidareutdanning, for eksempel innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 82 

E-post: lektor@hf.uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen 

Søk her