Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i rettsvitskap. Graden gir rett til tilsvarande tittel. Vitnemål vert utferda når graden er oppnådd. Det er eit vilkår for tildeling av graden at kandidaten gir følgjande løfte (kandidatløftet):

"Aldrig vidende at ville vige fra Ret og Retfærdighed, mindre raade nogen til ufornødne Processer eller i andre Maader med sine Raad befordre nogen uretvis Sag eller Intention."

Omfang og studiepoeng

300 studiepoeng. Normert studietid er fem år.

Undervisningsspråk

Norsk. Enkeltemne kan ha undervisning på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Studiestart - semester

Kvar haust.

Mål og innhald

Masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen er på til saman 300 studiepoeng (fem årseiningar). I dette inngår examen philosophicum med 10 studiepoeng og examen facultatum med 10 studiepoeng, valemne på 20 studiepoeng, spesialemne på til saman 30 studiepoeng, og eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 30 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 60 eller 70 studiepoeng.

Oppbygging

Profesjonsstudiet i rettsvitskap byggjer på ein kursmodell som inneber at alle studentane i utgangspunktet tek dei same emna i same rekkjefølgje i løpet av eit studieår. Slik byggjer det eine emnet på det andre, og det blir jamn progresjon gjennom heile studiet. Prøvinga av studentane skjer på kvart enkelt emne. For å få kursgjennomføringa godkjent og løyve til å gå opp til eksamen, må du som hovudregel ha oppfylt krava i studieplanen om å vere til stades på samlingar, levere oppgåver, med meir.

I det tredje studieåret kan ein velje emne innanfor ein avgrensa krins av valemne der minst eitt emne må vere på engelsk, eller ein kan reisa på utveksling eitt semester.

I det femte studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. Også i denne perioden har ein høve til å reise på studieopphald i utlandet; eitt eller to semester.

Kvart studieår er normert til 60 studiepoeng. Dersom du kjem til studiet med emne du vil ha godskrive i graden, må du rekne med at utdanningsplanen din kan omfatte år med mindre enn 60 studiepoeng.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidatane skal ha god kunnskap om grunnleggande rettsreglar og samanhengar innan alle fagområde som studiet omfattar, og spesialisert kunnskap innan fagområde som blir dekte av spesialemna og masteroppgåva.

Dette inneber også at kandidatane har god kunnskap om:

  • det norske rettssystemet si oppbygging og funksjon
  • den norske rettskulturen si historie, særeigenheiter og grunnleggande verdiar
  • korleis norsk rett vert påverka av EU-retten, EØS-retten, internasjonale menneskerettar og annan folkerett
  • juridisk metode, mellom anna korleis juridisk argumentasjon varierer på ulike rettsområde
  • mangfaldet av metodar i rettsforsking og hovudlinjer i den rettsteoretiske diskusjonen
  • juristar si rolle i samfunnet og etiske utfordringar knytt til yrkesutøvinga
  • korleis ny teknologi brukast til å automatisere avgjerdsprosessar og bidra til å løyse rettslege problem på nye måtar, men også rettslege og etiske utfordringar dette kan medføre
  • akademiske krav til kjeldetilvising og bruk av andre sitt arbeid

Ferdigheiter

Kandidatane kan bruke juridisk metode til å identifisere, drøfte og ta standpunkt til rettslege problemstillingar, også utanfor dei rettsområda som er del av studiet. Dette inneber å kunne

  • fastsette rettsleg relevant faktum i eit saksforhold, og på grunnlag av dette identifisere og formulere rettslege problemstillingar
  • innhente og systematisere rettsleg relevant materiale frå norske, skandinaviske og engelskspråklege kjelder, også ved bruk av digitale verktøy
  • foreta ei sjølvstendig, heilskapleg, kritisk og etisk gjennomtenkt analyse for å nå eit fagleg forsvarleg standpunkt om kva som er gjeldande rett
  • foreta rettspolitiske og komparative vurderingar av rettsreglane
  • løyse nye problem og bidra til rettsleg nytenking

Kandidatane kan formidle og evaluere juridiske analyser og standpunkt på ein poengtert, presis og etterretteleg måte både munnleg og skriftleg, på så vel norsk som engelsk, gjennom å

  • utarbeide ulike former for sjølvstendige skriftlege arbeid
  • diskutere og prosedere ulike rettslege standpunkt
  • gi tilbakemeldingar på andre sitt arbeid og sjølv få og gjere bruk av slike tilbakemeldingar

Generell kompetanse

Gjennom studieprogrammet oppnår kandidatane generelt anvendeleg kompetanse knytt til å

  • systematisere og avvege argumentasjon, rådgje og treffe avgjerder
  • identifisere og vurdere etiske aspekt ved juridisk argumentasjon og standpunkt
  • tileigne seg ny kunnskap, følge med i rettsutviklinga og løyse nye rettslege spørsmål
  • samarbeide med juristar frå andre land, forstå og gjere seg nytte av deira perspektiv på felles rettslege utfordringar og bidra med norske perspektiv
  • samarbeide med fagpersonar frå andre disiplinar og på det grunnlag kunne vurdere den rettsleg relevante argumentasjonsverdien av kunnskap som er skapt av andre vitskapar og bidra til tverrfaglege løysingar på komplekse samfunnsproblem
  • formidle juridiske analyser til allmenta, skriftleg og munnleg, på norsk og på engelsk
  • presentere og argumentere for eigne vurderingar og konklusjonar for større og mindre grupper av tilhøyrarar
  • bidra med rettslege perspektiv i samfunnsdebatten
  • planlegge og gjennomføre større prosjekt innan ei gitt tidsramme
  • følge akademiske krav til kjeldetilvisingar og bruk av andre sine arbeid
  • arbeide sjølvstendig og i grupper
  • forholde seg til dei rettslege og etiske utfordringane knytt til den teknologiske utviklinga

Opptakskrav

Opptak til studiet skjer via Samordna opptak. Jf. Forskrift om opptak til høyere utdanning. Det er krav om generell studiekompetanse eller tilsvarande. Studiet er adgangsregulert.

Tilrådde forkunnskapar

Gode norskkunnskapar.

Innføringsemne

Examen philosophicum og examen facultatum (til saman 20 studiepoeng) inngår i studiet.

Obligatoriske emne

I masterprogrammet inngår 200 studiepoeng obligatoriske emne. Dei resterande 80 studiepoenga er masteroppgåva og i tillegg 20 studiepoeng juridiske emne som studenten vel sjølv på tredje studieår.

Første studieår

  • JUS100 EXFAC Juridisk metode I (10 sp)
  • JUS211 Familie- og arverett (9 sp)
  • JUS212 Avtalerett (9 sp)
  • JUS213 Erstatningsrett (10 sp)
  • JUS214 Tings- og immaterialrett (14 sp)
  • JUS215 Juridisk metode II (8 sp)

Andre studieår

  • JUS221 Rettsstaten (28 sp)
  • JUS222 Forvaltningsrett (22 sp)
  • Ex.phil. (10 sp)

Tredje studieår

  • JUS231 Obligasjonsrett (28 sp)

Enten

  • JUS232 Rettshistorie og komparativ rett (12 sp)

    • Valemne (20sp), til dømes JUS2399 Skatterett, JUS2398 Miljørett eller JUS2397 Barnerett. Det er krav om at minst eitt emne er på englesk. Uttømmande liste over engelske emne finn du her.

Eller

    • JUS233 Komparativ rett (2 sp)
    • Utveksling, Valemne (30 sp)

Fjerde studieår

  • JUS345 Strafferett (20 sp)
  • JUS346 Rettargang (20 sp)
  • JUS347 Allmenn formuerett (20 sp)

Femte studieår

  • JUS399 Masteroppgåve (30 sp) og spesialemne eller
  • JUS397 Masteroppgåve, forskarline (70 sp) eller
  • JUS396 Masteroppgave (60 sp)
  • Utveksling (30 eller 60 sp)

Tilrådde valemne

Valemne på tredje studieår

På tredje studieår kan ein reise på utveksling i vårsemesteret. Studentar som ikkje reiser på utveksling tar i staden valemne. Minst eitt av disse skal ha engelsk (eller eit anna ikkje-skandinavisk språk) som undervisnings- og eksamensspråk.

Oversikt over tilgjengelege valemne finst her.

Spesialemne på femte studieår

I mastergraden i rettsvitskap skal det som hovudregel inngå 30 studiepoeng spesialemne. Der dei faglege krava er oppfylte kan ein søke om å få godskrive emne frå andre norske, akkrediterte institusjonar eller frå utvekslingsopphald, jf. uhl § 3-5 nr. 1 og nr. 2. Det som er bestemt om valemne gjeld ikkje for studentar som etter søknad har fått løyve til å skriva stor masteroppgåve (60 eller 70 studiepoeng).

På femte studieår kan ein reise på utveksling, men studentar som ikkje gjer dette tar i staden spesialemne. Minst eitt av disse skal ha engelsk (eller eit anna ikkje-skandinavisk språk) undervisnings- og eksamensspråk.

Oversikt over tilgjengelege spesialemne finst her.

Omfang masteroppgåva

I løpet av femte studieår på masterstudiet skal studenten levere eit sjølvstendig skriftleg arbeid tilsvarande 30 studiepoeng (masteroppgåve) til individuell vurdering.

Etter søknad kan studenten få løyve til å levere eit sjølvstendig skriftleg arbeid tilsvarande 60 studiepoeng (stor masteroppgåve).

Ein kan også søke opptak til fakultetet si forskarlinewww.uib.no/emne/JUS397 (70 studiepoeng).

Rekkefølgje for emne i studiet

  • Emna på første studieår (JUS100, JUS211, JUS212, JUS213, JUS214 og JUS215) må vere greidde før ein begynner på andre studieår.
  • Emna på andre studieår (JUS221, JUS222 og ex.phil.) må vere greidde før ein begynner på tredje studieår.
  • Emna på tredje studieår (JUS231 og JUS232, samt 20 studiepoeng valemne eller 30 studiepoeng frå utveksling og JUS233) må vere greidde før ein begynner på fjerde studieår.
  • Emna på 4. studieår (JUS345, JUS346 og JUS347) må vere greidde før ein begynner på femte studieår.
    Fakultetet kan gjere unntak frå dette dersom særlege omsyn finst.

Rekkefølgja for emna i studiet går fram av utdanningsplanen for den einskilde student.

Krav til progresjon i studiet

1. Emna i studiet er obligatoriske om ikkje anna er fastsett i studieplanen. Dei skal takast i den rekkefølgja som er fastsett i studieplanen. Fakultetet kan gjere unntak frå dette i individuelle utdanningsplanar.

2. Ved undervisning og prøving på det enkelte emne blir det lagt til grunn at studentane har kunnskap, ferdigheiter og kompetanse frå tidlegare emne i studiet.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Det juridiske fakultet anbefaler at alle som har høve til det reiser på utveksling i løpet av studiet. Du kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår, og/eller i løpet av femte studieår.

Under utvekslingsopphald både på tredje og femte studieår tek du valfrie juridiske emne. Ved nokre institusjonar kan du og skrive masteroppgåve som del av utvekslinga på femte studieår. Les meir om utveksling herwww.uib.no/jur/24594/utvekslingsmuligheter-i-utlandet-ved-det-juridiske-fakultet

Undervisningsmetodar

1. Det skal vedtakast hovudlitteratur ("kjernelitteratur") for kvart emne. Det kan i tillegg vedtakast innførings- og tilleggslitteratur.

2. Hovudlitteraturen skal ha eit omfang på mellom 30 og 60 tekstsider per studiepoeng.

3. Undervisninga er basert på problembasert læring (PBL).

  • Førelesingar blir som hovudregel tilbydd i alle emne.
  • Arbeidsgrupper leidd av ein vidarekommen student (arbeidsgruppeleiar) blir haldne i alle emne på dei to første studieåra. Desse gruppene fokuserer på oppgåveløysing og har krav til førebuing og aktiv deltaking.
  • Storgrupper under leiing av ein undervisar blir haldne i alle emne dei tre første studieåra. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.
  • Seminarundervisning blir tilbydd på fjerde studieår. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.
  • Undervisningsforma i valemna på tredje studieår og i spesialemna på femte studieår varierer. Sjå kvar enkelt emneskildring.
  • Rettleiing blir tilbode alle studentar som skriv masteroppgåve. Meir detaljert informasjon om rettleiinga finst her.

4. Undervisningsformene i kvart enkelt emne går fram av emneskildringa.

5. Obligatorisk undervisning: i alle obligatoriske emne og i mange val- og spesialemne er det obligatoriske arbeidskrav. Dette er nærare regulert i fakultetet sine utfyllande regler, og går fram av emneskildringa for kvart emne.

Vurderingsformer

  1. Vurderingsforma og -tida går fram av emneskildringane.
  2. Vurdering i obligatoriske emne blir som hovudregel halden kort etter at kurset er avslutta, eventuelt med element av prøving undervegs i kurset.
  3. Spesial- og valemne kan ha andre ordningar; sjå emneskildringane.
  4. Oppgåvene som blir gjevne til eksamen kan omfatte læringskrav også frå emne plassert tidlegare i studiet.

Karakterskala

Vurderingsuttrykket er A - E for Greidd (Bestått) og F for Ikkje greidd (Ikke bestått) eller Greidd/Ikkje greidd (Bestått/Ikke bestått). Vurderingsuttrykket for kvart emne går fram av emneskildringa.

Grunnlag for vidare studium

Mastergraden kan gje grunnlag for opptak til ph.d.-utdanning. Det er mogleg å oppdatere og utvide kompetansen ved å ta ytterlegare spesialemne etter fullført grad, og dei som nettopp har fullført mastergraden i rettsvitskap ved UiB kan også ta emne på poststudierett.

Relevans for arbeidsliv

Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet, og det vil alltid vere stor etterspurnad etter dei med juridisk utdanning.

Medan nokre juristar går inn i næringslivet, for eksempel innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet/påtalemakta er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Ein kan også arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar, og andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet.

Ein kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp, og for å få tittelen advokat og løyve til å arbeide som advokat og føre saker for domstolane, må ein ta eit obligatorisk advokatkurs. Ein må i tillegg ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.

Evaluering

Studiet er underlagt fleire formar for evaluering:

  1. Alle emna som kan inngå i masterstudiet i rettsvitskap vert evaluert kvart tredje år. Det nærare innhaldet i evalueringa vil gå fram av emneskildringa. All intern evaluering skal følgje dei krava som er fastsette i UiB sitt kvalitetssystem for utdanning.
  2. Ekstern evaluering:

    1. NOKUT har kontinuerleg tilsyn med kvaliteten i høgre utdanning
    2. Programsensorar knytt til masterprogrammet i rettsvitskap gjer evalueringar av nærare angjevne, avgrensa delar av studiet og avgjer årleg rapport
    3. UiB sentralt fører tilsyn med drifta via nærare fastlagde rapporteringsrutinar

Skikkavurdering og autorisasjon

Master i rettsvitskap gir med visse tilleggskrav (kurs og praksis) rett til autorisasjon som advokat, jf. domstolloven § 220. Autorisasjon blir gitt av Tilsynsrådet for advokatvirksomhet.

Programansvarleg

Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Studieutvalet er programstyre.

Administrativt ansvarleg

Fakultetsdirektøren v/studieseksjonen ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.