Hjem
Utdanning
Studieretning

Klimadynamikk

  • Lengde2 År
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning klimadynamikk gjev studenten djup innsikt i dei fysiske prosessane som styrer klima og klimavariasjonar på ulike tidsskalaer globalt og regionalt.

Studiet krev òg ei fordjuping i det empiriske datagrunnlaget for dei fysiske prosessane som gjev opphav til variasjonar og endring i klima på ulike tidsskalaer, og deira framstilling i numeriske modellar på regional til global skala. Dette gjeld for både naturlege variasjonar og menneskeskapte endringar. Studiet famnar òg om bruk av avanserte statistiske og numeriske metodar, målingar, og teoretisk analyse, samt formidling til eit fagpublikum. Masteroppgåva gjev avansert og djup forståing i eit utvalt klimadynamisk emne. Masteroppgåva er eit sjølvstandig forskingsprosjekt, og ein sentral del av masterstudiet, der studenten under rettleiing bidreg med ny kunnskap.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan nytte fagterminologien om atmosfærens og havets dynamikk, fysikk og termodynamikk og kan vise til avansert kunnskap om disse
  • kjenner til og kan ta stilling til aktuell forsking om det fysiske klimasystemet (jord/atmosfære/hav) og forstår koplingane mellom dei ulike delane av klimasystemet på eit avansert nivå
  • kjenner til den samfunnsmessige relevansen og utfordringane innan klimaendring og klimavarsling
  • har avansert kunnskap om matematiske, statistiske og numeriske metodar til analyse av geofysiske data
  • kjenner til tverrfaglege problem med relaterte disiplinar, som meteorologi, oseanografi, informatikk og geovitskap som gir variasjoner i klima på ulike tidsskalaer

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan kritisk vurdere datakvalitet og geofysiske informasjonskjelder, og jobber systematisk med feil og usikkerheiter fra målinger
  • kan nytte avanserte matematiske og statistiske metodar for analyse og visualisering av problem innan klimadynamikk ved bruk av koding
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing¿
  • kan bruke kunnskapen sin på nye vitskaplege problem innan klimadynamikk og tilknytta fagområde
  • kan kritisk vurdere og nytta data fra jordsystemmodellar på ulik skala i tid og rom

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan formulere og diskutere analytiske strategiar og gjennomføre analysar¿av samansette problemstilinger
  • kan jobbe med faglege spørsmål individuelt og i grupper
  • kan analysere, tolke og diskutere sine eigne resultat på ein vitskapleg forsvarleg og kritisk måte
  • kan presentere munnleg og skriftleg, og forklare og diskutere komplekse problem med fagfeller
  • har kunnskap om, og respekterer vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og ansvar, og veit skilnaden mellom vitskapleg kunnskap og meining

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet gjennom ERASMUS-programmet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen. Det er mogleg å skriva masteroppgåva ved UNIS.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
https://www.uib.no/utdanning/48794/opptak-til-2-%C3%A5rige-masterprogram

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Bachelorprogram i vêr, hav og klimafysikk eller tilsvarande.

Andre bachelorgrader som kvalifiserer

Har du bachelorgrad i anvendt matematikk eller i fysikk kan du vere kvalifisert om du har minst 20 SP valemne i meteorologi og oseanografi, eller teoretisk og anvend fluidmekanikk. Bachelorgrad i fysikk med solide kunnskapar i fluidmekanikk vil òg vurderast.

Opptaksgrunnlag

blir berekna med utgangspunkt i spesialiseringa slik

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen