Hjem
Utdanning

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i geovitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Masterprogrammet i geovitskap er eit toårig studieprogram satt saman av ein pensumdel og ein dokumentasjonsdal (masteroppgåva) som til saman gir 120 studiepoeng. Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendeg forskingsprosjekt der du som student får rettleiing undervegs av ein eller fleire av våre vitskapleg tilsette kolleger og der du dokumenterar arbeid, metode, bakgrunnsinformasjon, resulat og dsikterer funna dine i ei masteroppgave.

Masteroppgava kan skrivast hjå ei av dei fire forskingsgruppene våre:

  • Kvartærgeologi og paleoklima
  • Geofysikk
  • Geodynamikk og bassengstudier
  • Geokjemi og geobiologi

Kandidatar med utdanning fra Masterprogrammet i geovitskap er høgst aktuelle på arbeidsmarknaden og finn arbeid i mange ulike næringar: i konsulentbransjen, i kommunal- og fylkesadministrasjon, i offentlege etatar som NVE, Vegvesenet og NGU, i ressursindustrien (Norsk Stein AS, Brønnøy Kalk), i energisektoren (Equinor, Halliburton, Aker BP) og i forskning (PhD og vidare akademisk karriere).

Masterprogrammet i geovitskap tilbyr undervising i moderne og aktuelle undervisingsformar. UiB GEO er leder av SFU-iEarth som brenn for å gi studentane ei relevant utdanning med høgst aktuelle verkty. Våre studenter blir dyktige i problemløysing, samarbeid, munnleg og skriftleg fremstilling, kritisk refleksjon, formidling og ei proaktiv deltaking i utdanninga si.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

  • har avansert kunnskap om dei geovitskaplege tema som inngår i masteroppgåva
  • kan forklare det teoretiske grunnlaget for og grunngje val av metodar som blir brukte for å løyse geovitskaplege problem i mastergradsoppgåva
  • kan kombinere kvantitative og kvalitative geovitskaplege data, modellar og litteratur for å bringe fram ny kunnskap

Ferdigheiter

Kandidaten

  • er i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
  • kan setje seg inn i nye vitskaplege problemstillingar ved bruk av faglitteratur
  • kan vurdere eksisterande kunnskap på ein kritisk måte og peike på område der innsikt og forståing manglar
  • kan kritisk analysere, tolke og drøfte oppnådde resultat ved bruk av data og teoriar
  • kan anvende relevante metodar, felt-/tokt-, laboratorie- og analyseverktøy og modellar og teoriar og forklare deira avgrensingar
  • kan formidle faglege idear, problem og løysingar munnleg og skriftleg til spesialistar og ikkje-spesialistar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • er i stand til å formulere ei testbar hypotese eller problemstilling
  • kan reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eigne og andre sine arbeider
  • kan arbeide individuelt og i gruppe for å løyse samansette problemstillingar
  • demonstrere forståing og respekt for vitskaplege verdiar og forskningsetiske retningslinjer

Opptakskrav

Masterprogrammet i geovitenskap byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping i geovitenskap, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Bachelorgrad i geovitenskap (geologi eller geofysikk) med følgende spesialisering:

Eldre geofysikk-utdanning som óg kvalifiserer til opptak:

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i geologi/geovitenskap fra alle lærestader.
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i geovitenskap eller tilsvarande. NB! For søkere fra andre institusjoner enn UiB utreknast ein gjennomsnittskarakter på hele bachelorgraden.

Du må også ha:

  • ein snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • OBS! Frå og med opptaket våren 2023 tél ikkje INF100 (eller MAT102) på karaktersnittet ved opptak til masterprogrammet i geovitenskap.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
  • Språkkrav for tospråklege program

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng og tilsvarer eitt års sjølvstendeg arbeid med forsking og dokumentasjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet er bygd opp av ein pensumdel (60 stp.) og ein dokumentasjonsdel (60 stp.). Pensumdelen vil vere 60 studiepoeng relevante emne for masteroppgåva. Emna vil variere ut i frå kva for oppgåve du vél og kva som passar din faglege bakgrunn. Pensumdelen vert satt opp i ein milepælsplan saman med rettleiar i starten av studiet.

Emna i pensumdelen vil i hovudsak liggje på 200 og 300 talsnivå, og vere ei fordjuping i fleire faglege tema i geovitskap. Emna vil vere samansatt av førelesingar, øvingar, feltkurs og ekskursjonar, gruppeoppgåver, tekstoppgåver, fagfellevurdering og munnlege presentasjonar. Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er vidare omtalt i emnebeskrivinga.

Det sjølvstendige tudiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Vurderingsformer

Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F

Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Administrativt ansvarleg

Institutt for geovitskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på e-post Studierettleiar@geo.uib.no