Reservoarfysikk
- Lengde2 År
- Studiepoeng120
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Studiet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geologi. Dette gir eit solid fagleg fundament for å arbeide med problem vi møter i samband med utvinning av olje og gass. Studiet er særleg retta mot reservoarbeskriving og modellering inklusiv studiar av fleirfasestrøyming i porøse medium. Målsetjinga med studiet er å utnytte forsking og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskingsmiljø til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er velegna for arbeid i oljeindustrien.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Ein kandidat med mastergrad i reservoarfysikk skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap og omfattande erfaring og forståing av petroleumsteknologisk forsking i det heile. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:
- å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå litteraturen
- å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
- å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
- vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
- gjennomføre arbeidet
- tolke resultata i høve til problemstillinga
- presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling
Kandidaten vil ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.
Korleis søke
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Masterprogrammet i reservoarfysikk byggjer på ein bachelorgrad petroleum- og prosessteknologi, eller tilsvarande grad. Det vert stilt spesielle krav til innholdet i graden.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi
- Bachelorgrad i fysikk eller matematikk (emnene PTEK211 og GEOV261 må være inkludert)
- Bachelorgrad fra MN-fakultetet med emner som dekker opptaksgrunnlaget og karaktergrunnlaget (emnene treng ikkje vere del av graden)
Beregning av karaktersnitt
Kun emner som inngår i spesialisering i bachelor i petroleum- og prosessteknologi blir brukt til beregning av karaktersnitt. Dersom du har ekstern bachelorgrad blir karaktersnitt beregnet frå relevante emner.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarende bachelorgrader kor emner tilsvarende PTEK211 og GEOV261 er inkludert.
- Norske bachelorgrader i energi kor emner tilsvarende PTEK211 og GEOV261 er inkludert.
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i petroleumsteknologi eller andre relevante fagfelt.
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program