Hjem
Utdanning
Studieretning

Reservoargeologi

  • Lengde2 År
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Studiet kombinerer dei klassiske realfaga kjemi, fysikk og matematikk med geologi for å gi eit solid fagleg fundament for å kunne arbeide med problem ein møter i samband med utvinning av olje og gass. Studiet er særleg retta mot mekanismar for utvinning av olje og studiar av fleirfasestrøyming i porøse medium. Målsetjinga med studiet er å utnytte forsking og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskingsmiljø til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er veleigna for arbeid i oljeindustrien.

Fagleg profil

Bergartane som reservoaret består av legg vilkåra for om det kan vere olje- eller gassførekomstar der, og om dei i så fall kan utvinnas. Det er derfor viktig å kartleggje geologien i reservoaret. Det kan ein gjere ved å analysera stratigrafien og sedimentologien til dei geologiske formasjonane reservoaret inneheld. Ein kan også gjere laboratorieanalysar av dei sentrale reservoareigenskapane, som porøsitet og permeabilitet, for å seie noko om gjennomstrøyminga av olje og gass.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i reservoar og geoenergi, reservoargeologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med mastergrad i reservoargeologi skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap og omfattande erfaring og forståing for fagfeltet reservoargeologi, i tillegg til generell kunnskap om petroleumsteknologi. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:

  • kunne vurdere et reservoars geometri og strømningsegenskaper
  • å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå litteraturen
  • å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
  • å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
  • vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
  • gjennomføre arbeidet
  • tolke resultata i høve til problemstillinga
  • presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling

Kandidaten vil ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Masterprogrammet i reservoargeologi byggjer på ein bachelorgrad petroleum- og prosessteknologi, eller tilsvarande grad. Det vert stilt spesielle krav til innholdet i graden.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi
  • Bachelorgrad i fysikk eller matematikk (emnene PTEK211, PTEK212 og GEOV260 må være inkludert)
  • Bachelorgrad fra MN-fakultetet med emner som dekker opptaksgrunnlaget og karaktergrunnlaget (emnene treng ikkje vere del av graden)

Beregning av karaktersnitt

Kun emner som inngår i spesialisering i bachelor i petroleum- og prosessteknologi blir brukt til beregning av karaktersnitt. Dersom du har ekstern bachelorgrad blir karaktersnitt beregnet frå relevante emner.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarende bachelorgrader kor emner tilsvarende PTEK211, PTEK212 og GEOV260 er inkludert.
  • Norske bachelorgrader i energi kor emner tilsvarende PTEK211, PTEK212 og GEOV260 er inkludert.
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i petroleumsteknologi eller andre relevante fagfelt.

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen

Kontakt

Institutt for fysikk og teknologi

Ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.ppt@ift.uib.no

telefon 55 58 28 64