Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-PETMK Reservoarmekanikk, vår 2024

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i Reservoar og geoenergi - reservoarmekanikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Studiet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geologi og gir et solid fagleg fundament for å kunne arbeide med problem ein møter i samband med utvinning av olje og gass. Målsetjinga med studiet er å utnytte forsking og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskingsmiljø til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er velegna for arbeid i oljeindustrien og arbeid innan industri og forvalting som krev kompetanse i kvantitativ modellering. Sidan studiet er tverrfagleg, vil det gi eit godt grunnlag for arbeid i skolen.

Læringsutbyte

Ein kandidat med mastergrad i reservoarmekanikk skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap og omfattande erfaring og forståing av petroleumsteknologisk forsking i det heile. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:

  • å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå litteraturen
  • å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
  • å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
  • vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
  • gjennomføre arbeidet
  • tolke resultata i høve til problemstillinga
  • presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling

Kandidaten vil ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.

Opptakskrav

Masterprogrammet i reservoarmekanikk byggjer på ein bachelorgrad petroleum- og prosessteknologi, eller tilsvarande grad. Det vert stilt spesielle krav til innholdet i graden.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelor i petroleum- og prosessteknologi (MAT212 må være inkludert)
  • Bachelorgrad i matematikk (emnene PTEK212, MAT212, GEOV260 og PTEK211 må være inkludert)
  • Bachelorgrad i fysikk dersom matematikkbakgrunnen vurderes som tilstrekkelig (emnene PTEK212, MAT212, GEOV260 og PTEK211 må være inkludert)
  • Bachelorgrad fra MN-fakultetet med emner som dekker opptaksgrunnlaget og karaktergrunnlaget (emnene trenger ikke være del av graden)

Beregning av karaktersnitt

Kun emner som inngår i spesialisering i bachelor i petroleum- og prosessteknologi blir brukt til beregning av karaktersnitt. Dersom du har ekstern bachelorgrad blir karaktersnitt beregnet frå relevante emner.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarende bachelorgrader kor emner tilsvarende PTEK212, MAT212, GEOV260 og PTEK211 er inkludert.
  • Norske bachelorgrader i energi kor emner tilsvarende PTEK212, MAT212, GEOV260 og PTEK211 er inkludert.
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i petroleumsteknologi eller andre relevante fagfelt.

Du må også ha:

Obligatoriske emne

Masterprogrammet omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 SP og emne eller spesialpensum på til saman 60 SP sett saman slik:

  • PTEK212 Reservoarteknikk I og MAT254 Strøyming i porøse medium dersom dei ikkje blei inkludert i bachelorgraden
  • Eitt av emna: MAT234 Partielle differensiallikningar eller MAT252 Kontinuumsmekanikk
  • MAT255 Reservoarsimulering
  • Andre emne i fysikk, matematikk, kjemi eller geologi valt i samråd med rettleiaren, slik at det til saman blir 60 SP.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåvene (60 sp) er nært knytte saman med forskings-aktivitetane ved Senter for integrert petroleumsforsking (CIPR) ved UiB og Matematisk institutt. Oppgåvene blir gitt innan matematisk/numerisk modellering og simulering av fleirfase/fleirkomponentsstrauming i heterogene og anisotrope porøse medium. Inverse problem, fleirskalaproblem og reservoarbeskriving kan også vere tema for masteroppgåvene. Oppgåvene blir ofte gitt i nært samarbeid med norske og utanlandske oljeselskap eller forskingsinstitusjonar.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Arbeids- og undervisningsformer

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Relevans for arbeidsliv

Reservoaringeniør/forskar i oljeselskap eller serviceselskap, statlege styrings- og kontrollorgan, forvalting, skole, universitet eller forskingsinstitutt. Studiet legg også grunnlaget for eit doktorgradsstudium.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for fysikk og teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studierettleiar.ppt@ift.uib.no

Tlf 55 58 28 64