Hjem
Utdanning

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i Reservoar og geoenergi.

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i reservoar og geoenergi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust (Hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).

Mål og innhald

Mål

Dette masterprogrammet fokuserer på teoretiske og eksperimentelle studium av prosessar som er avgjerande for å forstå undergrunnen med tanke på energiutnytting og -lagring. Eit overordna mål er å forstå problemstillingar innan reservoar og geoenergi og vera særskilt godt rusta til å løyse utfordringar på vegen mot målet om berekraftig energi til alle.

Studiet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geologi. Dette gir eit solid fagleg fundament for å arbeide med problem vi møter i samband med energilagring og produksjon. Studiet er særleg retta mot reservoarbeskriving og modellering inklusiv studiar av fleirfasestrøyming i porøse medium. Målsetjinga med studiet er å utnytte forsking og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne og internasjonal forskingsmiljø til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er etterspurd i industri og næringsliv og viktig for omstilling og utsleppskutt.

Innhald

Masteroppgåva skal vera eit sjølvstendig arbeid, utforma i samråd med rettleiar, der kandidaten sjølv har ansvaret for progresjonen i arbeidet. Forskingsfeltet som ein kan velje masteroppgåve innan, spenner over fleire område innan lågutsleppsteknologi for olje- og gassproduksjon, hydrogenlagring, geotermisk energi og CO2-handtering. Teoretiske og praktiske fordjupingsemne blir valt etter tema på masteroppgåva. Studiet gir deg solid kompetanse i realfag og grunnlag til å følgje med og bidra i energiomstillinga.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har solide, vitskapeleg funderte kunnskapar om ulike energiressursar, deira utnytting og ulemper
  • har grunnleggjande kunnskap om geologi og inngåande kunnskap om porøse medium og fysikken som inngår i prosessar relatert til energiutnytting, CO2-lagring, og energilagring
  • forstår olje- og gass sin plass i noverande energiforsyning og veit korleis CO2-handtering kan bli nytta for å redusere CO2-utslepp
  • har kunnskap om eksperimentelt utstyr, måleinstrument og berekning av måleusikkerheit
  • har kunnskap om numerisk simulering av væskeflyt i undergrunnen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • kan analysere problemstillingar og forfølge desse ved hjelp av teoretiske og eksperimentelle metodar
  • kan analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte
  • kan utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar til fagspesialistar
  • kan analysere og kritisk vurdere vitskaplege informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar
  • kan bidra til nytenking og innovasjon i energisektoren
  • demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Opptakskrav

Masterprogrammet i reservoar og geoenergi byggjer på ein bachelorgrad i lik, eller tilsvarande fagomrdåe. Det vert stilt spesielle krav til innhaldet i graden.

Fagleg minstrekrav er karakteren C eller betre i spesialiseringa. Dersom det er fleire søkjarar til programmet enn det er plassar, vert søkjarane rangert etter karakterane i spesialiseringa.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi
  • Bachelorgrad i fysikk eller matematikk (emnene ENERGI261 og GEOV261 må være inkludert)
  • Bachelorgrad frå MN-fakultetet med emner som dekker opptaksgrunnlaget og karaktergrunnlaget (emnene treng ikkje vere del av graden)

Beregning av karaktersnitt

For tidligare studentar med en bachelor i petroleum- og prosessteknologi frå UiB og studentar som har ekstern bachelorgrad, blir 80 studiepoeng frå relevante emner brukt til beregning av karaktersnitt.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarende bachelorgrader kor emner tilsvarende ENERGI261 og GEOV261 er inkludert.
  • Norske bachelorgrader i energi kor emner tilsvarende ENERGI261 og GEOV261 er inkludert.
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80 studiepoeng i petroleumsteknologi eller andre relevante fagfelt.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Fagkunnskapar: Du må ha ein fullført bachelorgrad i naturvitskap, realfag eller ingeniørfag innan energi, prosessteknologi, petroleumsteknologi, fysikk eller matematikk.

Ferdigheiter: Grunnleggjande forståing av naturvitskap og ingeniørfag, analytiske ferdigheiter, teknisk kompetanse (søkjarar bør vere komfortable med å bruke tekniske verktøy og programvare) og gode kommunikasjonsevner.

Obligatoriske emne

Masterprogrammet i Reservoar og geoenergi omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng og emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng, beståande av obligatoriske emne og valfag. Den totale samla fagpakken blir avtala i kvart tilfelle i samarbeid med rettleiaren i lys av den aktuelle spesialiseringa og forskingsoppgåva.

Eit masterprogram med start om hausten kan sjå slik ut:

1. semester: valfritt emne - valfritt emne - valfritt emne

2. semester: ENERGI364 - ENERGI365 - valfritt emne/oppgåve

3. semester: PTEK399 /valemne

4. semester: PTEK399

Tilrådde valemne

ENERGI366, ENERGI300, ENERGI261, MAT254, ENERGI351, ENERGI360

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng. Masteroppgåva skal vera eit sjølvstendig arbeid, utforma i samråd med rettleiar, der kandidaten sjølv har ansvaret for progresjonen i arbeidet. Forskingsfeltet som ein kan velje masteroppgåve innan, spenner over fleire område innan lågutsleppsteknologi for olje- og gassproduksjon, hydrogenlagring, geotermisk energi og CO2-handtering. Teoretiske og praktiske fordjupingsemne blir valt etter tema på masteroppgåva. Studiet gir deg solid kompetanse i realfag og grunnlag til å følgje med og bidra i energiomstillinga.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje for emna finn du unser overskrifta "obligatoriske emne".

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F

Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre. Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Tidlegare studentar er no aktive innan energiselskap (inkludert olje og gass), konsulentselskap og ulike greiner av energiindustrien. Arbeidsoppgåvene spenner frå utvikling av avanserte produkt og material til konsulenttenester og leiing/drift av industrianlegg. Fleire arbeider også innan forsking og undervisning, og dette illustrerer breidda og djupna i karrieremoglegheitene innan reservoar og geoenergi. Utover dette finst det moglegheiter innan miljø- og energifeltet, teknisk rådgjeving og innovasjon. Dette viser at ein utdanning innan prosessteknologi opnar dører til ei rekke spennande yrkesvegar i dagens arbeidsliv.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studieveileder på programmet dersom du har spørsmål på e-post studie.ptek@uib.no.

Kontaktinformasjon

Studierettleiaren ved Institutt for fysikk og teknologi

E-postadresse: studie.ptek@uib.no