Kjemometri
- Lengde2 År
- Studiepoeng120
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Multivariate metodar for prosessutvikling og prosesstyring er på full fart inn i norsk og utanlandsk industri. On-line- og at-line-analysar av råvarer, mellomprodukt og kvalitet av sluttprodukt med kjemisk instrumentering inngår som eit viktig element i styringssystema i tillegg til "vanlege" prosessvariablar, som for eksempel trykk og temperatur. Minimering av utslepp og energiforbruk er også viktige område for prosesskjemometri. Målet for studiet er å gi deg spisskompetanse i multivariat dataanalyse og modellering saman med ein brei bakgrunn i meir klassiske prosessdisiplinar. Du skal etter fullført studium ha oppnådd operasjonell kompetanse i generell problemløysing innan prosessindustrien.
I masterprogrammet kan du spesialisere deg innan optimalisering av industrielle prosessar, bruk av analytisk instrumentering til prossesovervaking og -kontroll og bruk av eksperimentell design i prosessanlegg.
Masterprogrammet i kjemometri skal gje eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. I arbeidet med masteroppgåva blir målingar analysert og resultata vurdera i lys av dei hypotesane som blir testa. Studiet gir erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og vurdere relevant faglitteratur.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Etter fullført mastergrad i kjemometri skal kandidaten kunne:
Kunnskapar
- omforme og redusere store datamengder til tolkbar informasjon
- bruke matematiske og statistiske metodar til fleirvariabel dataanalyse av måleresultat
- gjere eksperimentell forsøksplanlegging med det mål å hente ut så mye informasjon og kunnskap som mogleg, på så få forsøk som mogleg
- vise at ein har gode kunnskapar innan kjemometri generelt, og avansert kunnskap i eit avgrensa området knytt til mastergradsprosjektet
Ferdigheiter
- utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
- handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
- analysere problemstillingar i kjemometri og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
- orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
- analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan kjemometri
- analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde
Generell kompetanse
- kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
- gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
- kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan kjemometri, både med spesialistar og til allmennheita
- kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
- demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit
Korleis søke
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Masterprogrammet i kjemometri byggjer på ein bachelorgrad petroleum- og prosessteknologi, eller tilsvarande grad. Det vert stilt spesielle krav til innholdet i graden.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi
- Bachelorgrad i kjemi, fysikk eller matematikk (emnene KJEM110, KJEM210 og PTEK202 må være inkludert)
- Bachelorgrad fra MN-fakultetet med emner som dekker opptaksgrunnlaget og karaktergrunnlaget (emnene trenger ikke være del av graden)
Beregning av karaktersnitt
Kun emner som inngår i spesialisering i bachelor i petroleum- og prosessteknologi blir brukt til beregning av karaktersnitt. Dersom du har ekstern bachelorgrad blir karaktersnitt beregnet frå relevante emner.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarende bachelorgrader kor eit emne tilsvarende PTEK202 er inkludert.
- Norske bachelorgrader i energi, fysikk, matematikk, undervannsteknologi, prosess, maskin eller sikkerheit/brannsikkerheit kor eit emne tilsvarende PTEK202 er inkludert.
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i prosessteknologi eller andre relevante fagfelt.
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program