Hjem
Utdanning
Studieretning

Separasjon

  • Lengde2 År
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Energiutveksling er det grunnleggjande i alle prosessanlegg. Ei grunnleggjande forståing av korleis desse energiutvekslingane heng saman med masseutveksling og strøyming er ein føresetnad for prosessane, anten det er prosessar som inneber fleire fasar og kjemiske reaksjonar eller endringar i tilstand for ein fase. Det er eit mål at kandidatar frå denne spesialiseringa skal kunne analysere ulike einingsoperasjonar med omsyn til energi- og strøymingsforhold og kunne setje saman prosessar i heilskaplege prosessanlegg for å tilfredstille gitte krav. Som ein del av denne målsetjinga blir det fokusert på estimering av termodynamiske data, fysikalske data og faseovergangar ved hjelp av industrielle metodar og meir fundamentale tilnærmingar som molekylære simuleringar og moderne teoriar frå statistisk mekanikk.

I denne studieretninga blir det lagt vekt på å gi studentane ei forståing av moderne teknologi for industriell separasjon i lys av grunnleggande fysikk og termodynamikk. Gjennom kunnskap om dei grunnleggande termodynamiske lover øvast evne til analyse av korleis ulike råvarar som til dømes olje og gass effektiv kan foredlast til gitte kvalitetskrav. I tillegg til prinsipp for design og optimalisering av prosessanlegg blir det også lagt vekt på prinsipp for modellering av nødvendige termodynamiske eigenskapar som er sentrale i industrielle prosessar men som kan være vanskeleg å måla. Masterstudentar knytt til separasjon arbeidar derfor enten med oppgåver i forskingsprosjekt (som i stor grad er finansiert eller delfinasiert av industri), eller med oppgåver direkte formulera i samarbeid med industri innan spesifikke utfordringar. Døme på tidlegere oppgåver er optimaliseringsstudiar av ulike prosessanlegg på raffineri, effektive løysingsmiddel for fjerning av karbondioksid og nye metodar for riskovurderingar av problem med vatn som følgjer olje/gass.

Masterprogrammet i separasjon skal gje eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. I arbeidet med masteroppgåva blir målingar analysert og resultata vurdera i lys av dei hypotesane som blir testa. Studiet gir erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og vurdere relevant faglitteratur.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Etter fullført mastergrad i separasjon skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • analysere ulike einingsoperasjonar med omsyn til energi- og strøymingsforhold og kunne setje saman prosessar i heilskaplege prosessanlegg for å tilfredstille gitte krav.
  • forstå korleis ein kan estimere termodynamiske data, fysikalske data og faseovergangar ved hjelp av industrielle metodar og meir fundamentale tilnærmingar som molekylære simuleringar og moderne teoriar frå statistisk mekanikk
  • kjenne til prinsipp for design og optimalisering av prosessanlegg
  • kjenne til prinsipp for modellering av nødvendige termodynamiske eigenskapar som er sentrale i industrielle prosessar
  • ha ein grunnleggande forståing av prosessar i naturen og industri som ikkje kan nå termodynamisk likevekt og evna til å etablera strategiar for å modellere desse prosessane
  • ha ein grunnleggande forståing for termodynamisk styrte prosessar i sediment og reservoar knytt til naturgass hydratar
  • vise at ein har gode kunnskapar innan separasjon generelt, og avansert kunnskap i eit avgrensa området knytt til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  • utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i separasjon og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan separasjon
  • analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan separasjon, både med spesialistar og til allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Opptakskrav

Masterprogrammet i fleirfasesystem byggjer på ein bachelorgrad petroleum- og prosessteknologi, eller tilsvarande grad. Det vert stilt spesielle krav til innholdet i graden.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi
  • Bachelorgrad i kjemi, fysikk eller matematikk (emnet PTEK202 må være inkludert)
  • Bachelorgrad fra MN-fakultetet med emner som dekker opptaksgrunnlaget/ og karaktergrunnlaget (emnene trenger ikke være del av graden)

Beregning av karaktersnitt

Kun emner som inngår i spesialisering i bachelor i petroleum- og prosessteknologi blir brukt til beregning av karaktersnitt. Dersom du har ekstern bachelorgrad blir karaktersnitt beregnet frå relevante emner.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarende bachelorgrader kor eit emne tilsvarende PTEK202 er inkludert.
  • Norske bachelorgrader i energi, fysikk, matematikk, undervannsteknologi, prosess, maskin eller sikkerheit/brannsikkerheit kor eit emne tilsvarende PTEK202 er inkludert.
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i prosessteknologi eller andre relevante fagfelt.

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen