Hjem
Utdanning

Studieplan for MASV-GEOG Geografi, master, 2 år, vår 2024

Omfang og studiepoeng

Graden er toårig (120 studiepoeng)

Undervisningsspråk

Engelsk og norsk

Mål og innhald

Institutt for geografi tilbyr ein toåring mastergrad i geografi innanfor dei tre studieretningane:

  • Samfunnsgeografi
  • Miljø- og landskapsgeografi
  • Naturgeografi

Mastergraden er todelt og består av ein teoridel tilsvarande 60 studiepoeng og ei eiga praktisk/teoretisk masteroppgåve på 60 studiepoeng.

I løpet av det 2-årige studiet skal studentane utvikle kunnskap om sentrale tema, metodar, problemstillingar og forskingstradisjonar innan geografi. Studenten skal med rettleiing gjennomføra eit sjølvstendig praktisk/teoretisk forskingsprosjekt, normalt basert på feltarbeid, som etter 2 år skal resultere i ei masteroppgåve. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter og evner til å utforme, drøfte og analysere problemstillingar innan geografi.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap innan geografisk forsking og spesialisert innsikt knytt til valt spesialisering innan studieretningane naturgeografi, miljø- og landskapsgeografi eller samfunnsgeografi
  • kan analysere og presentere kunnskap frå forsking innan tema som brevariasjonar, frostfenomen, klimaendringar, havnivåendringar, geofarar, grunnvatn og grotter (studieretning naturgeografi)
  • kan analysere og presentere kunnskap frå forsking innan tema som natur- og kulturlandskap, endringsprosessar, biodiversitet, natur- og miljøforvaltning, økologi, vegetasjon og klima (studieretning miljø- og landskapsgeografi)
  • kan analysere og presentere kunnskap frå forsking innan tema som byplanlegging og regional utvikling, grøn omstilling og næringsutvikling, global ulikskap og utvikling, forvaltning av naturressursar, matproduksjon og matsikkerhet, klima og energiomstilling (studieretning samfunnsgeografi)
  • kan analysere geografiske problemstillingar med utgangspunkt i ei faghistorisk og vitskapsteoretisk forståing, geografifaget sin eigenart og rolle i samfunnet.
  • kan nytte kunnskapen på nye område innanfor geografifaget

Ferdigheit

Kandidaten

  • kan bruke aktuelle teoriar, metodar og fortolkingar innan spesialiseringa i geografi og arbeide sjølvstendig og i team med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan etablere og vidareutvikle profesjonelle relasjonar med aktørar i samfunns- og næringsliv
  • kan velje og avgrense eit forskbart tema for ei masteroppgåve og utvikle ei problemstilling som kan gjennomførast innanfor den gitte tids- og ressursmessige ramme
  • Kan velje relevante metodar for innsamling av empiriske data, og gjere greie for metodeval epistemologisk
  • kan avgrense, planlegge og gjennomføre innsamling av empiriske data gjennom ulike former for feltarbeid
  • kan drøfte og analysere ulike informasjonskjelder kritisk, analysere og tolke empiriske primær- og sekundærdata og formulere geografisk faglege resonnement og analysar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan gjere systematiske søk i bibliotek, vitskaplege og andre databaser og kritisk tolke og vurdere data og litteratur
  • kan innhente og behandle data og gjere feltundersøkingar i samsvar med god metodisk og etisk praksis
  • kan presentere forskingsresultat som akademisk tekst, i offentlege medium og i munnleg form

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-100 studiepoeng spesialisering i geografi, innan den studieretninga du søkjer opptak på.

Med bachelorgrad frå UiB er det følgjande krav til spesialisering:

Bachelorgrad i geografi: GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131, med éin av følgande spesialiseringar:

Bachelorgrad i geovitskap spesialisering i geologi kvalifiserer til opptak til naturgeografi: GEOV101, GEOV102, GEOV103, GEOV107, GEOV104, GEOV109, GEOV110, GEOV111 og GEOV114.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • UiA: Samfunnsplanlegging og kommunikasjon (Samfunnsgeografi) og Globale utviklingsstudier
  • NTNU: Geografi (alle retningar) og Geologi med studieretning Arktisk geologi (Naturgeografi)
  • HVL: Geologi og geofare (Naturgeografi) og Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur (Miljø- og landskapsgeografi)
  • UiO: Geologi og geografi (Naturgeografi) og Samfunnsgeografi (Samfunnsgeografi)
  • NMBU: International Environment and Development Studies (Samfunnsgeografi)
  • Nord Universitet: Geografi (Samfunnsgeografi, Miljø- og landskapsgeografi)

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i geografi eller tilsvarande og ei fordjuping i den studieretninga du søker. Vi vurderer andre faglege bakgrunnar ved søknad.

Du må også ha (generelle opptakskrav):

  • Snittkarakter på minimum C i spesialiseringa i geografi.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva gir tematisk spesialisert kunnskap som er tenleg i undervisning, utgreiings- og forskingsoppgåver og for arbeid innan offentleg forvaltning og det private næringslivet. Under rettleiing skal du utforme ei prosjektskisse og gjennomføre eit sjølvstendig, praktisk og teoretisk forskingsprosjekt. Vidare skal du gjennomføre eit eige arbeid av praktisk og/eller teoretisk art relatert til problemstillinga, samt produsere ei masteroppgåve etter praktisk/teoretisk arbeid. Oppgåva byggjer normalt på feltarbeid i inn- eller utland.

Rekkefølgje for emne i studiet

I kursdelen første året tar du to felles emne og fire teori- og metodeemne tilpassa studieretninga di. Det kan etter søknad innpassast emne frå andre institutt eller utdanningsinstitusjonar.

Masteremne i geografi:

Etter kursdelen er gjennomført i 1. og 2. semester, gjer studentane feltarbeid til masterprosjektet sitt. 3. og 4. semester skriv dei masteroppgåva (GEO350), som skal leverast 15. mai i 4. semester. Studentane startar om hausten og går rekkefølgja skissert i tabellen under, total 30 studiepoeng per semester. Obligatoriske kurs for graden og retninga er utheva:

Naturgeografi:

Miljø- og landskapsgeografi:

Samfunnsgeografi:

Studenten skal også ha gjennomført og bestått 3 milepælar før masteroppgåva (GEO350) kan fullførast og leverast

  • Milepæl 1: Presentasjon av prosjektskildring. Desember, 1. semester.
  • Milepæl 2: Presentasjon av teori, forskingsdesign og planar for feltarbeid. April/mai i 2. semester.
  • Milepæl 3: Posterpresentasjon av data, funn og metodologi. Oktober i 3. semester.

Delstudium i utlandet

Det er i dag mange alternativ for dei studentane som ønskjer å ta ein del av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for geografi tilbyr studieopphald i desse landa og rår studentar som ynskjer delstudium i utlandet om å erstatta særemna med studium hos våre samarbeidspartnarar.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt omfatte førelesingar, feltkurs, datalab og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet. På masteroppgåva vert det gitt individuell rettleiing.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet brukar i all hovudsak følgjande eksamensformer:

  • skriftleg eksamen
  • munnleg eksamen
  • heimeeksamen i kombinasjon med munnleg eksamen
  • mappeinnlevering
  • feltrapport

Originalitet i eksamenssvar og studentoppgåver

Alle oppgåver som vert levert for godkjenning/sensur, skal vere studenten sine eigne om ikkje anna er opplyst. Dette gjeld også der oppgåvene ikkje inngår i grunnlaget for karakterfastsetting. Kjelder som nyttast skal bli gitt i samsvar med universitetet sine reglar. Brot vil vurderast som fuskesak.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergenvert gitt på ein av to måtar; enten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det vanlegaste.

Grunnlag for vidare studium

Master i geografi kvalifiserer for å søkje opptak til studium på PhD-nivå.

Relevans for arbeidsliv

Geografar har ein brei arbeidsmarknad som følgje av spennvidda i faget og den bruksretta karakteren. Geografifaget utdannar profesjonelle yrkesutøvarar til offentleg forvaltning og til det private næringslivet. Sjansane på arbeidsmarknaden aukar om ein tar ein mastergrad, men òg bachelor i geografi gir mange jobbalternativ.

Dei siste åra har dei fleste geografar gått inn i stillingar der dei arbeider som leiarar, planleggjarar, lærarar, utgreiarar og konsulentar innan område som administrasjon, distriktsutbygging, miljøforvaltning, oversikts- og næringslivsplanlegging og samferdsel. Fleire kandidatar arbeider som forskarar og utgreiarar ved frittståande forskings- og utgreiingsinstitutt, medan andre har gått til yrker innan skuleverket, oljeverksemd og databransjen. Geografar arbeider òg med utviklingsspørsmål hos nasjonale og internasjonale bistandsorganisasjonar.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for geografi