Hjem
Utdanning

Namn på grad

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi fører fram til graden master i samfunnsøkonomi.

Omfang og studiepoeng

Integrert masterprogram med eit omfang på 300 studiepoeng, normert til 5 år.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studiet gir ei grundig fagleg fordjuping i samfunnsøkonomi. Det gir ei solid teoretisk forankring og gjennom oppgåveløysing, aktiv deltaking i undervisninga og skriftlege arbeid, vert analytiske og metodiske evner, samt fagleg sjølvstende styrka. Studiet gir inngåande kunnskap om empiriske metodar og analyse med fokus på moderne forskingsdesign og behandling av komplekse økonomiske data på mikro- og makronivå.

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi gjev ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode (matematikk og statistikk) enn det alternative bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. I profesjonsstudiet følgjer ein eit tilrettelagt studieprogram med felles innførings- og spesialiseringsemne. Dei obligatoriske emna sørgjer for grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk, statistikk og økonometri).

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har inngåande kjennskap til struktur og organisering av norsk og internasjonal økonomi
  • har inngåande kjennskap til nyare økonomisk teori og empiriske metodar for analyse av økonomisk politikk
  • kan teori om konsumentar og produsentar, om tilpassing i arbeidsmarknaden, og om sparing og langsiktig konsumplanlegging
  • kan kriteria for ein god bruk av ressursane i samfunnet og teori om marknadslikevekt
  • kan teori om marknadsimperfeksjonar
  • kan analysere verknader av ulike konkurranseformer i ein marknad
  • kan teorigrunnlaget for empirisk analyse
  • kan modellere komplekse empiriske problemstillingar ved bruk av økonometrisk metode
  • kjenner dei makroøkonomiske styringsverkemidla
  • har omfattande kunnskap innanfor sjølvvalde spesialfelt
  • kan analysere faglige problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar, eigenart

Ferdigheiter

Kandidaten

  • er godt kjend med relevant faglitteratur
  • kan knyte saman teori og empiri
  • kan bruke avanserte matematiske og statistiske metodar for å analysere samfunnsøkonomiske problemstillingar
  • har grunnlag for kritisk haldning til faget, og kan gjennom rettleiing og diskusjon oppdatere kunnskap
  • kan bruke økonomiske modellar til å forstå sosiale fenomen
  • kan bruke økonomiske resonnement til å diskutere og analysere økonomisk politikk
  • kan bruke økonomiske teori og empirisk metode til å analysere verknader av økonomisk politikk
  • kan gjennomføre avanserte empiriske analyser på komplekse datasett
  • kan bidra til utforming av verkemiddel i den økonomiske politikken
  • kan kritisk vurdere det økonomiske innhaldet i økonomisk politikk
  • kan anvende kunnskap på nye områder innanfor fagområdet
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan drøfte og ta stilling til relevante forskingsetiske problemstillingar
  • kan arbeide sjølvstendig og organisere og planlegge eige arbeid innanfor gitte fristar
  • har evne til klar og ryddig skriftleg og munnleg framstilling, og høg grad av logisk og matematisk presisjon kan delta i faglege diskusjonar og bidra til nytenking i økonomisk analyser

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og R1/(S1+S2).

Tilrådde forkunnskapar

Vi tilrår at du har matematikkbakgrunn tilsvarande 2MX/2MY.

Innføringsemne

Examen philosophicum

Obligatoriske emne

Totalt må graden innehalde minimum 140 studiepoeng med emne på masternivå (300-nivå emne). Av desse er 40 studiepoeng obligatoriske emne, 70 studiepoeng er valemne på masternivå og 30 studiepoeng masteroppgåva.

Graden må og innehalde 20 ytterlegare studiepoeng ECON-valemne (200- elller 300-nivå), men 10 av desse kan erstattast av DATA110.

Obligatoriske emne i graden:

  • ECON100 Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
  • ECON140 Matematikk for økonomer (10 studiepoeng)
  • ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)
  • ECON130 Makroøkonomi (10 studiepoeng)
  • ECON240 Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)
  • ECON210 Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)
  • ECON243 Videregående matematikk og optimering (10 studiepoeng)
  • ECON244 Anvendt økonometri (10 studiepoeng)
  • ECON230 Internasjonal makroøkonomi (10 studiepoeng)
  • ECON310 Mikroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)
  • ECON340 Økonometri I (10 studiepoeng)
  • ECON290A/B Bacheloroppgave (10 studiepoeng)
  • ECON330 Makroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)
  • ECON380 Forberedelsesemne for masteroppgåva (10 studiepoeng)
  • ECON391 Masteroppgåve (30 studiepoeng)

Rekkefølgje for emne i studiet

Instituttet anbefaler følgjande rekkefølgje for emne i studiet:

1.semester: ECON100, ECON140 og ex.phil

2.semester: ECON110, ECON130 og ECON240

3.semester: ECON210, ECON243 og ECON244

4.semester: Valfrie studiepoeng eller utveksling

5.semester: ECON310, ECON340 og ECON230

6.semester: ECON290A/B og ECON- valemne (master- eller bachelornivå)

7.semester: ECON330 og ECON381

8.semester: ECON-valemne (masternivå)

9.semester: ECON380 og ECON-valemne (masternivå)

10.semester: ECON391 Masteroppgåva

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta delar av utdanninga si i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. I samfunnsøkonomi har studentane tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av profesjonsstudiet.

Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. eller 8. semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesningar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Studentar på profesjonsstudiet har obligatorisk oppmøte på seminar i ECON100, ECON110, ECON130, ECON210 og ECON230. Dei må også få godkjent to obligatoriske oppgåver for å kunne gå opp til eksamen i desse emna.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak avsluttande, skriftleg skuleeksamen. Fleire av valemna på masternivå nyttar heimeeksamen eller mappevurdering som vurderingsform.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Relevans for arbeidsliv

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Nokon arbeider med forsking og undervisning, eller dei vert journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvaltning i finansinstitusjonar. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å gå inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Vidare har samfunnsøkonomar óg vist seg å vere attraktive i jobbar innan internasjonale organisasjonar - det vere seg utviklingshjelp eller i utanrikstenesta. Innan privat næringsliv arbeider samfunnsøkonomar i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga), i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

E-post: post@econ.uib.no

Administrativt ansvarleg

Institutt for økonomi

E-post: post@econ.uib.no

Telefon: 55 58 92 00