Hjem

Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk

Dette studiet er for deg som er norsklærar i skolen og som har studert norsk allereie, men som ønsker å bygge på til master og oppnå lektorkompetanse.
  • Lengde4 År
  • Plassar10
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På masterstudiet får du teoretisk og erfaringsbasert kunnskap som styrker undervisnings-kompetansen din i norsk i grunnskolen. Studiet er praksisnært, og gir betre ferdigheit og refleksjon rundt det å legge til rette for god læring. Masteroppgåva skal vere fagdidaktisk. 

Du lærer om vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodarog får trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggande forståing av norskfaget i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng. 

Studiet gir deg kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at du kan bidra til å vidareutvikle norskfaget gjennom kritisk refleksjon og samtaler kring fag, undervisning og læring. 

Gjennom arbeidet med masteroppgåva lærer du: 

  • å bli strukturert 
  • at skriving kan utviklast gjennom ein prosess 
  • å fordjupe deg i eit sjølvvalt tema    
  • å ta med erfaringsbasert kunnskap inn i forskinga di    

Studiekvardag 

Studiet er samlingsbasert. På samlingane blir du kjent med studentar og kollegaer frå heile landet.  

Studiet baserer seg på forelesingar og seminargrupper, sjølvstudium og skriving av masteroppgåve.  

I dei fem første semestera vil ei vanleg studieveke vere sjølvstudium og arbeid med mindre innleveringsarbeid. Desse semestera tar du òg eksamen i nokre emne. Gjennom masteroppgåva får du moglegheit til å forske sjølv, og fordjupe deg innanfor eitt område. Dersom du skal gjere datainnsamling i samband med masteroppgåva, kan du gjere det ved skolen der du jobbar.  

Alle samlingar og arbeidskrav i dei fem første semestera er obligatoriske. Samlingar i dei tre siste semestera, mens du skriv på masteroppgåva, er ikkje obligatoriske.  

Kva kan du jobbe som? 

Med denne utdanninga får du lektorkompetanse med fagleg fordjuping i norsk og ei fagdidaktisk masteroppgåve i norskfaget.     

Det er stort behov for lærarar i skulen som har større fagleg fordjuping i dei faga dei underviser i. Arbeid med ei masteroppgåve gir deg dessutan stor sjølvinnsikt i det å arbeide med ei større oppgåve. Denne erfaringa  har overføringsverdi til det å rettleie elevar med større og mindre oppgåver i skolen eller ved andre undervisningsinstitusjonar. 

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Dette masterstudiet er eit fireårig deltidsstudium som startar i august. Studiet svarar til eit toårig fulltidsstudium.  

Rekkefølge for kurs og masteroppgåve:  

1. semester  

2. semester  

3. semester 

4. semester  

 5. semester 

6.-8. semester 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan ikkje reise på utveksling på dette studiet. 

Vidare studiemoglegheiter 

Etter studiet kan du vere kvalifisert til å søke opptak til ph.d.-programmet

Spørsmål om studiet? 

Telefon: + 47 55 58 93 70 

E-post: evu.lle@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen 

Søk her