Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Dei store samfunnsutfordringane

Dei store samfunnsutfordringane – transport

Kvifor går vegutviklinga i Noreg så seint? Er norsk transport og infrastruktur førebudd til ekstremveret klimaforskarane spår? Universitetet i Bergen og Bergens Tidende inviterer til føredrag og debatt 3. september.

Smal veg på Vestlandet, illustrasjonsbilete
VEGEN OG VESTLANDET: Kvifor gjekk vegutbygginga raskare på 1950-talet enn i dag? "Dei store samfunnsutfordringane" tar opp temaet transport.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Få veit så mykje om kva vegen har betydd for Vestlandet som Ole Didrik Lærum frå Voss – med fleire generasjonar distriktslegar i familien. Og som nevø av nordmannen som bygde verdas vegar – med same namn. Lærum vil fortelje korleis forfedrane hans laut slita for å koma seg fram til pasientane. På midten av 1950-talet bygde ein i løpet av tre år både dei fleste moderne flyplassane våre med infrastruktur, store, atomsikre fjellhallar og flåtebasar. Korleis var dette mogleg når ein ser tempoet i veg-utbygginga i dei seinare åra?
Lærum er kreftforskar og tidlegare rektor ved UiB.

Rektor Dag Rune Olsen opnar arrangementet.
 
Hilde Sandvik, sjefsredaktør i broen.xyz leiar paneldebatt, der mellom andre byråd for byutvikling Anna Elisa Tryti, statssekretær Tom-Christer Nilsen, Fredrik Barth, nasjonal fagansvarleg for by- og stadsutvikling i Asplan Viak og Stina Ellevseth Oseland i SpaceLab deltek.

Tid og stad: 03.09.16, klokka 14 – 16. Universitetsaulaen.