Hjem
Senter for vitenskapsteori
Forskning

Amerikansk pragmatisme

Med professor Torjus Midtgarden i spissen har SVT god kompetanse på amerikansk pragmatisme, og deltek i både internasjonale og nasjonale nettverk knytta til dette forskningfeltet.

wordcloud on pragmatism
Foto/ill.:
www.uib.no

Hovedinnhold

Tema

Arbeidet til Midtgarden fokuserer på amerikansk pragmatisme og korleis denne er relevant for sosialfilosofi og politisk filosofi i dag. Han har dei siste åra undersøkt korleis både klassisk pragmatisme (John Dewey) og ny-pragmatisme (Robert Brandom) utviklar perspektiv frå Hegels filosofi.

Han har vidare studert korleis Deweys pragmatisme kan gje bidrag til Kritisk Sosial Teori (Axel Honneth, James Bohman). For tida arbeider han med både ei historisk og ei systematisk tilnærming til det Dewey i The Public and Its Problems (1927) såg som «offentlegheitas problem».

Historisk er desse problema knytt til dei sosiale konsekvensane økonomisk aktivitet hadde for arbeidarar og vanlege forbrukarar i USA tidleg i det 20. hundreåret, og i første rekke i høve til barnearbeid, fråver av sjukeforsikring, alderspensjon, morspersmisjon og minsteløn. Av systematisk interesse er Deweys forslag til kva som legitimerer regulering av økonomisk aktivitet, og særleg omsynet til trygging av naudsynte  bio-fysiske, teknologiske og kulturelle vilkår for individs utvikling.

Publikasjonar:

Du finn ei oversikt over Midtgarden sine publikasjonar her.