Hjem
Universitetsbiblioteket

Avtale om tilgjengeleggjering av masteroppgåve i BORA

Informasjon og avtale om tilgjengeleggjering av masteroppgåve i BORA.

Hovedinnhold

Alle masterstudentar ved Universitetet i Bergen vert oppfordra til å gjere masteroppgåva si tilgjengeleg i BORA. Universitetsbiblioteket får ikkje den trykte oppgåva, så BORA er den einaste staden oppgåva kan gjerast tilgjengeleg for andre.

Fordelar med å gjere masteroppgåva tilgjengeleg i BORA:

  • Du kan spreie oppgåva di til andre på ein enkel og effektiv måte.
  • Oppgåva vil verte søkbar gjennom nasjonale og internasjonale søkemotorar og bibliotekkatalogar.
  • Oppgåva får ei permanent lenke som vil gje tilgang til oppgåva også i framtida.

 

Klarering av rettigheiter:

Har du bilete teke av andre i oppgåva? Ver merksam på at det er ditt ansvar å klarere rettigheitene til desse. Du må spørje om løyve til å bruke andre sine bilete, dersom det ikkje er gjeve løyve gjennom ein lisens som fylgjer med biletet (t.d. Creative Commons).

Publisering:

Skal du publisere oppgåva som bok eller artikkel hjå eit forlag? Då må du sjekke utgjevar sine retningsliner for tilgjengeleggjering i eit institusjonelt arkiv (som BORA) før du legg ho ut. Nokre utgjevarar tillet ikkje at bidraget også er tilgjengeleg i eit institusjonelt arkiv.

Student ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet?

Studentar ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet må også ha rettleiar si godkjenning for å gjere masteroppgåva tilgjengeleg i BORA (§10 i Utfyllende regler for gradsstudier ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet)

Masteroppgåva vert gjort tilgjengeleg under fylgjande føresetnadar:

  • Avtalen gjeld mellom Universitetsbiblioteket (UB) og forfattar.
  • Avtalen gjev UB, på vegne av Universitetet i Bergen (UiB), rett til å tilgjengeleggjere forfattaren si masteroppgåve i BORA.
  • Forfattar beheld opphavsretten, og har rett til når som helst å trekke tilbake masteroppgåva si frå BORA.
  • Oppgåva vil vere opent tilgjengeleg på internett så lenge UiB har eit ope institusjonelt arkiv i drift.
  • Forfattar har ansvar for å klarere rettigheitene til materiale i oppgåva (illustrasjonar, grafar, bilete og liknande).
  • Verket kan brukast, det vil seie visast til, lenkast til, siterast frå, skrivast ut og lastast ned, innanfor dei rammer som lov om opphavsrett til åndsverk (åndsverkloven) med endringar gjev.
  • UiB kan ikkje utnytte verket økonomisk.

Versjon 1 (gjeldande frå 01.02.17)