Hjem
Program for universitetspedagogikk
Kurs i universitetspedagogikk

UPED620 Basismodul i universitetspedagogikk

Modulen har som overordna mål å bidra til at Universitetet i Bergen reflekterer over lærings- og undervisingsspørsmål med utgangspunkt i forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap om læring og undervisning i høgare utdanning.

Hovedinnhold

Modulen har tre grunnkomponentar:

1: Erfaringsbasert læring. Modulen tek utgangspunkt i deltakaranes eigne erfaringar som studentar og lærarar i høgare utdanning, og i dei ulike typar læringsaktivitetar deltakarane er med på i modulen.

2: Kritisk refleksjon. Deltakarane reflekterer over og analyserer læringsmiljø og undervising i høgare utdanning med hovedfokus på studentar si læring.

3: Kollegarettleiing i undervisningen. Deltakarane diskuterer, samarbeider og observerer kvarandres undervising som ledd i å være medlemmer av et bredt fellesskap av undervisarar ved universitetet.

Innhald: Oppfatningar om læring og undervising, studentfaktorar i læringsprosessen, studentaktive læringsformer, design av gode læringsmiljø, vurdering og evaluering, utdanningspolitiske dokument.