Hjem
Universitetsmuseet i Bergen

På sporet av den kryptiske urbanmauren

I dei seinaste par tiåra har to ugrasplantar spreidd seg i Bergen og på Nygårdshøyden. Gul lerkespore (Pseudofumaria lutea) og småhjarte ( Dicentra formosa.) finn vi no langs husveggar, på murar og ubrukte tomter. Kva er det som sprer desse frøa så effektivt?

plantar med elaiosom
( Fig. 1) Gul lerkespore i mur på nedsida av Realfagsbygget
Foto/ill.:
Dag Olav Øvstedal

Hovedinnhold

Langsetter husveggar og på ubrukte tomter er det eit fåtal ugras som dominerar i Bergen. Spreiingsmåten til dei fleste er vind: dei aller fleste korgplantane, som løvetann og mursalat, har frukter med sveveorgan; mjølkeartane som det er minst fem av har og små frø og sveveorgan; høymoler har frukter med store vingekantar som vinden lett tek tak i.  Den gule valmua (Papaver cambricum), som og har spreidd seg mykje dei siste tiåra,  er ballist, det vil seia at den opprette, tørre kapselen har hol øverst, og når det kjem kraftige vindkast, eller nokon kjem borti kapselen, vert frøa slynga ut. Raude, svarte, blå og kvite frukter vert ete av fuglar, spesielt trost og stare, og vert spreidd av dei. Dei to springfrøartane som finst i Bergen har frukter som nærmast eksploderer når nokon kjem borti dei, og kastar ut frøa. Men det er og ein fjerde variant.

Gul lerkespore og småhjarte

I dei seinaste par tiåra har to ugrasplantar spreidd seg på Nygårdshøyden (og elles i Bergen): gul lerkespore (Pseudofumaria lutea) og småhjarte( Dicentra  formosa.) Spesielt lerkesporen finst på dei mest utrulege stadane, som til dømes i sprekker høgt oppe på murveggen på nedsida av Realfagbygget (Fig. 1). Begge artane set villig frø, og det som dei har til felles er eit elaiosom. Det  er eit kvitt vedheng til frøet, av ulik utsjånad, og som inneheld oljer. Frøa til desse artane er elles nokså like, runde og om lag 2 mm i diameter. I følge læreboka skal det vera maur som spreier slike frø. Dei tek dei med seg til tua og et det oljeholdige vedhenget
Gul lerkespore er nokså ny i vår ugrasflora, men har breidd seg til det meste av Bergen i dei seinaste tiåra, med opptil ein m høge tuer. Planten kjem frå det sørlege Europa, og har om lag 14 mm lange gule blomar med ein tydeleg honningspore. Denne inneheld nektar, men eg har aldri sett noko insekt vitja denne blomsten her i Bergen. Frøa er brunsvarte, runde og om lag 2 mm i diameter. Elaiosomet er kvitt og ligg som ei uregelmessig kake oppå frøet (Fig. 2).


Småhjarte har lyseraude, hjarteforma blomar med honningsporeliknande utposingar med nektar. Det er ein gamal hageplante i Bergen, men han har spreidd seg mykje  dei seinare tiåra. Planten kjem frå Nordamerika, og der vert han pollinert av kolibriar, men i Bergen vert han vitja av humler. Då eg såg nærare på blomane, syner det seg dei har vore vitja av tjuvhumler, som stikk hol i honningsporen og syg ut nektaren uten å pollinera blomsten. Frøa er nokså like dei til gul lerkespore, men elaiosomet er noko flatare.


Kva er det som sprer desse frøa så effektivt i Bergen ?. I følge læreboka er det maur som spreier frø med elaiosom, men maur er omtrent aldri å sjå i småhagane på til dømes Nygårdshøyden. Riktignok fann eg ein gang ein liten, 2mm lang svart jordmaur (Lasius niger), på blomar av gul lerkespore, og gartnarane i Muséhagen seier at dei av og til finn maur i beda.  Men kan ein 2 mm lang  maur frakta desse 2 mm breie frøa opp to meter i ein steinmur ? Og kva skal han gjera med dei der, det kan ikkje vera bol der.
Kanskje er det større og kraftigare insekt som er på ferde, maur som lever skjult frå oss, difor den kryptiske tittelen. Så følg med på kva som lever under brusteinen og asfalten.
Ei meir prosaisk løysing er at fugl, spurv og meiser, samlar opp frøa og lagrar dei i sprekker i murar. Det kan også vera folk som morar seg med å spreie dei til slike stader. Uansett er det eit lite mysterium korleis plantar med elaiosom kan spreie seg så effektivt i sentrum av ein by.