Hjem
Studentsider
Studier i utlandet

Slik reiser du på utveksling

Søknadsweb er no open for søknadar om utveksling med utreise hausten 2024. Frist er 1. februar.

Grøn og frodig bakke ned mot sjø og strand
UTVEKSLING: Vi hjelper deg som vil studere i utlandet. Her finn du informasjon om korleis du søker utveksling.
Foto/ill.:
Marianne Ljones

Hovedinnhold

Her finn du informasjon om alle stega du må gjennom for å studere i utlandet. 

1. Finn informasjon

1. Kan du reise på utveksling?

Start med å undersøke om du kan dra på utveksling.

  • Du må gå på eit bachelor-/master- eller profesjonsstudium ved UiB når du søker.
  • Opptaket på studiet må vere gyldig i heile utvekslingsperioden.
  • Du må ha bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

UiB sitt reglementet finn du alle detaljar om uttak og stipendtildeling for delstudier i utlandet. 

2. Når kan eg dra på utveksling? 

I oppbyggingsfanen på studieprogramsida finn du informasjon om når det er best at du reiser.

3. Kvar skal eg reise?

Tenk gjennom desse spørsmåla:

  • Kvar er det anbefalt at eg drar? På utvekslingsfanen på studieprogramsiden finn du informasjon om kvar det er anbefalt at du reiser.
  • Har instituttet mitt eigne utvekslingsavtalar? Filtrer på ditt fakultet og skroll ned til du finn ditt institutt.
  • Er avtalen knytt til det fagområdet eg ønsker å studere ute? Gjeld spesielt Erasmus-avtalar.
  • Kva land/område ønsker eg å reise til?
  • Kva språk ønsker eg å ha undervisning på?
  • Kva emne har eg lyst til å ta? Vi anbefaler at du klikker deg inn på universiteta sine nettsider og ser gjennom emnetilbodet.
  • Når du har sett deg ut universitet du ønsker å dra til, bør du lese studentrapportar slik at du finn ut meir om korleis andre har hatt det på akkurat det universitetet du ønsker å søke deg til. 
  • Kan eg bruke UiB sine sentrale avtalar eller andre institutt sine avtalar? Les om dei enkelte avtalane.

4. Få rettleiing

Ta kontakt med studierettleiar eller informasjonssenteret ved fakultetet ditt for å få svar på eventuelle spørsmål du skulle ha (sjå faktaboksen for kontaktinformasjon). 

5. Får eg stipend?

Finn ut kva Lånekassen gjev i støtte og få oversikt over kvar du kan reise med Erasmus-stipend. 

6. Kva kostar det å reise på utveksling?

Finn ut kva det kostar å reise på utveksling

2. Korleis søker eg?

1. Søk UiB

Du byrjar med å søke UiB om å reise på utveksling

Søknadsfristen 1. februar er for utreise i påfølgande haustsemester (+ ev. vårsemester). Søknadsfristen 25. august er for utreise i påfølgande vårsemester. Det er eigne fristar ved Det juridiske fakultetNokre få universitet har søknadsfrist berre ein gong i året.

2. Søk lærestaden i utlandet

Dersom du vert innstilt av UiB til å søke om å reise på utveksling, vil du få informasjon om korleis du søker om opptak til den aktuelle lærestaden.

Når du får tilbodsbrevet, må du hugse å returnere eventuelt svarbrev og andre skjema til vertsuniversitetet dersom dei ber om det.

3. Få opphaldet førehandsgodkjent

Du bør undersøke kva emne du ønsker å ta ved vertsuniversitetet, dersom du ikkje har gjort det under punkt 2. I dei fleste tilfella vil vertsuniversitetet gi deg informasjon om korleis du gjer dette.

Du må også søke førehandsgodkjenning av utvekslingsopphaldet ditt til fakultetet ditt ved UiB. 

3. Førebu deg

1. Bli med på Språktandem

Med språktandem kan du praktisere eit framandspråk, samstundes som du lærer norsk til ein student som er på utveksling ved UiB. 

2. Ta eit førebuande språkkurs

For å vere best mogleg budd på å studere på vertslandet sitt språk, vel mange av dei som reiser på utveksling til eit ikkje-engelskspråkleg land å følge eit språkkurs i forkant av semesterstart. I mange tilfelle tilbyr universitetet ein skal studere ved eigne språkkurs til sine utvekslingsstudentar. I andre tilfelle må ein finne fram til språkkurs på eiga hand.

Følger du eit språkkurs i vertslandet i forkant av semesterstart, som vara i minst 4 veker og har minimum 15 timar undervisning per veke, kan du søke på Lånekassen sitt språkstipend. Språkkurset må ein ta i same landet som ein skal vere på utveksling i. Lånekassens regelverk for støtte finn du her.

3. Delta på utreiseseminar og eventuelle infomøte

I april og november arrangerer UiB eit utreiseseminar for alle som skal på utveksling, der du får nyttig informasjon. Du vil få invitasjon når det er din tur å delta.

Nokre studentar vil i tillegg bli invitert til eigne informasjonsmøte om avtala dei reiser på. Du vil få invitasjon viss vi arrangerer eit møte som passar for deg.

4. Søk bustad

Du må ha ein stad å bu. I dei fleste tilfella vil vertsuniversitetet gje deg informasjon om korleis du gjer dette.

5. Søk visum

Mange land krev at du søker om visum når du skal opphalde deg i landet som student. Det er ein fordel å byrje så tidleg som mogleg med visumførebuingane, ettersom desse kan ta lang tid. Hugs også på at visumsøknaden kan koste ein del pengar. Ta kontakt med aktuell ambassade og forhøyr deg om søknadsprosessen.

Hugs å ha eit pass som er gyldig til minst seks månadar etter at du skal vere tilbake i Noreg!

6. Søk Lånekassen

Send søknad til Lånekassen for å få lån og stipend. Stønaden frå Lånekassen kjem i tillegg til stipendet du får gjennom Erasmus og Nordplus. Du får lik basisstønad (lån og stipend) frå Lånekassen for utdanning i Norge og i utlandet. 

OBS: husk at du ikkje kan søke Lånekassen før du har søkt fakultetet ditt ved UiB om forhåndsgodkjenning, og fått svar på denne søknaden.

Lånekassen gjev ekstra stønad til reiseutgifter, eventuelle studieavgifter og i nokre tilfelle også språkkurs.

Lånekassen krev at undervisningsopplegget ditt ved vertsinstitusjonen er førehandsgodkjent som ein del av utdanninga di og at det ikkje fører til at du blir fagleg forseinka. Merk at utan endeleg godkjenning av opphaldet i etterkant av utanlandsstudiet vil Lånekassen registrere deg som forseinka i studiane.

7. Bestill reise

Når du har fått tilbodet frå vertsuniversitetet kan du bestille reise til landet du skal studere i.

8. Ta vaksinar

I nokre land er det naudsynt at du er vaksinert mot enkelte sjukdommar. På Folkehelseinstituttet sine nettsider finn du ut om det gjeld for deg.

9. Teikn forsikring og skaff deg helsetrygdkort

Teikn forsikring for studieopphaldet i utlandet. 

Viss du skal reise i EU/EØS eller Sveits treng du Europeisk helsetrygdekort

MERK: reiser du på utveksling utanfor EU/EØS og er medlem i den norske folketrygda, har du rett til å få refundert utgifter til helsetenesta. Dersom du tek deg arbeid medan du studerer i utlandet, kan dette innvirke på medlemskapen i den norske folketrygda. Les meir om dette på helsenorge sine nettsider. 

10. Til Danmark?

Dersom du skal på utveksling til Danmark i meir enn 6 månadar, må du søke om dansk ID-nummer (CPR) og det medfører at du må melde flytting frå Norge. Å melde flytting frå Norge, fører mellom anna til at du mister fastlegen din. Det kan difor vere lurt å sjekke kapasiteten til fastlegen før du reiser.

Det er også viktig å melde flytting tilbake til Norge når du kjem heim att, for dette skjer ikkje automatisk. Les meir om flytting tilbake til Norge på Skatteetaten sine nettsider.

4. Ved avreise

1. Semesterregistrer deg ved UiB

Du er framleis student ved UiB under utanlandsopphaldet. For ikkje å miste retten din til å studere ved UiB må du betale semesteravgift og stadfeste utdanningsplanen din ved UiB dei semestra du er på utveksling.

I utdanningsplanen vel du "nytt emne". I emnevalslista vel du eit planelement som heiter "utanlandsopphold" eller "utveksling". Du treng ikkje å melde deg til eksamen, så lenge du ikkje skal ta eksamen ved UiB dette semesteret. 

Utvekslingsstudentar som ikkje har utdanningsplan skal registrera seg med ein annan kode for utveksling på fakultetet sitt.

Studentar på Det juridiske fakultet, Det medisinske fakultet og Det matematisk-naturvitskapeleg fakultet skal semesteregistrera seg på annan måte.

Høyr med fakultetet ditt dersom du er i tvil!

2. Oppdater Studentweb

Skriv inn opplysningar om næraste familie og di nye semesteradresse i Studentweb

3. Tryggleik

Gjer deg kjent med UiBs beredskapsbrosjyre (English version), som gjev råd og tips om helse og tryggleik under opphaldet.

5. Etter opphaldet

1. Søk endeleg godkjenning

Det er lurt å samle god informasjon om kursa du tek (detaljerte kursskildringar, litteraturlister, skjema som viser talet på undervisningstimar, kopi av eksamenane dine osb.). Då vert det enklare for deg når du kjem heim og skal søke om endeleg godkjenning. Dette er særleg viktig dersom du skal søke om spesifisert godkjenning.

Karakterutskrifter vil i ein del tilfelle bli sende direkte frå vertsuniversitetet til studenten etter endt opphald. Dette gjeld hovudsakleg for dei som har vore på Erasmus-utveksling. Nokre universitet kan gi studentane utskrifter før dei reiser heim, men i dei fleste tilfelle vil utskriftene bli sende til Studieadministrativ avdeling. Vi tek kontakt med studenten så snart vi mottek karakterutskrifter frå samarbeidsuniversitet i utlandet". Ver merksam på at det kan ta fleire månader før utskriftene kjem.

Viss du har vore på utveksling i Sverige eller Finland, kan du overføre resultata dine elektronisk med Emrex og slepp å vente på karakterutskriften.

Presenter karakterutskrifta di for studieprogrammet/fakultetet ditt så fort du kan, i samband med at du søkjer om endeleg godkjenning av studia i utlandet.

Fakulteta og studieprogramma har ulik praksis for godkjenning. Ta kontakt med fakultetet, instituttet eller studieprogrammet ditt for nærare informasjon.

2. Lag studentrapport 

Ettersom dei erfaringane du gjer deg i utlandet er verdifulle for framtidige utvekslingsstudentar, må du levere ein rapport frå utvekslingsopphaldet ditt til UiB. Rapporten leverer du gjennom denne portalen og den vil etter kvart verte publisert på UiBs nettsider om samarbeidsinstitusjonar.

Dei som har vore på utveksling gjennom Erasmus vil i tillegg få tilsendt ein e-post frå Europa-kommisjonen med lenke til ein portal der du skal levere ein annan rapport.

3. Ekstern eksamen ved UiB

Studieadministrativ avdeling ved UiB kan i visse tilfelle tilby studentar å ta ekstern eksamen ved UiB. Dette gjeld t.d. studentar som av ulike årsaker (som dei sjølv ikkje rår over) ikkje har fått tatt dei eksamenane dei skulle på utveksling, grunna til dømes uro/demonstrasjonar på campus som har ført til undervisningsstopp og kansellering av eksamen.

Utveksling til Storbritannia?

Storbritannia gjekk ut av EU 1. januar 2021, men UiB har fortsatt avtalar med lærestader i Storbritannia. Studentar som søker utveksling til Storbritannia gjennom Erasmus-avtalane frå det akademiske året 2024/25 vil ikkje få Erasmus-stipend, men vil få fritak frå skulepengar.

Personvernforordninga og utveksling

Personvernforordninga (General Data Protection Regulation/GDPR) og utveksling

Føremålet med personopplysningslova er å beskytte den enkelte mot at personvernet blir krenka ved handsaming av personopplysningar. Det er viktig for UiB at handsaminga av personopplysningar difor utgjer eit så lite inngrep som mogleg for den enkelte registrerte, utfrå det som er praktisk, teknisk og økonomisk mogleg, jf. personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 5. Som registrert har du difor viktige rettigheiter som skal ivaretakast.

Når du søker UiB om å få dra på utveksling er det viktig at du er klar over at UiB må dele personopplysningar om deg til partnarinstitusjonen i utlandet i løpet av søknadsprosessen. Eitkvart partnaruniversitet har sine eigne krav i samband med søknadsprosessen, og difor vil det variere frå institusjon til institusjon kva opplysningar vi må dele. UiB vil prøve å overføre så lite som mogleg og kun det som er påkrevd.