Hjem
Studentsider
erasmus+

Sciences Po Toulouse og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByToulouse
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på europastudium har fortrinn på plassane på haustsemesteret, før studentar i samanliknande politikk. Andre søkarar blir vurdert om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Ein reiser på utveksling i 5 semester på bachelorprogrammet i europastudium. Sjå Mitt UiB for meir informasjon om utveksling på europastudium.

På andre studieprogram reiser ein normalt ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er fransk og engelsk. Institusjonen anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå i minst eitt av undervisningsspråka. Du kan få ein bekreftelse på språkkunskapar fra UiB.

Kva emne kan eg ta

Sciences Po Toulouse tilbyr emne innan statsvitskap og samfunnsvitenskap. Dei tilbyr eit eige tilrettelagd program for internasjonale studentar på engelsk. Programmet inneheld fransk som framandspråk.

Semesterprogrammet i Toulouse gir deg innblikk i fransk og britisk politikk, samt emne som omhandlar multikulturalisme, immigrasjon og internasjonal politikk.

Ein fulltidsstudent skal ta 30 ECTS per semester. Emna utgjer normalt 5 ECTS og du må derfor rekne med å ta fleire emne per semester enn du normalt vill gjort heime. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Sciences Po Toulouse vart oppretta i 1947 og er eit av ti institutt for politiske studiar (IEP) i Frankrike. Skulen er anerkjend innan statsvitskap, økonomi, juss og sosiologi. Sciences Po Toulouse er autonom innanfor eit av dei eldste universiteta i Europa, Universitetet i Toulouse, grunnlagt i 1229.

Toulouse er den fjerde største byen i Frankrike og er hovudstad i departementet Haute-Garonne, sør i Frankrike. I byen det i underkant av 500 000 innbyggarar, medan storbyområdet har omlag 1,3 millionar innbyggarar. Byen er særleg kjend for flyindustrien sin, og er eit viktig samferdsle- og handelssentrum med gode veg- og jernbaneforbindelsar til mellom anna Barcelona og Bordeaux.

Bustad

Tilgang til bustad i Crous universitetsbustader for internasjonale studentar er begrensa, og førespurnader må gjerast direkte gjennom kontoret for internasjonale relasjonar. Internasjonale studentar kan konsultera bustadguiden for praktisk informasjon om bustad i Toulouse: Housing in Toulouse - Sciences Po Toulouse (sciencespo-toulouse.fr)

Semesterinndeling

August – desember og januar - juni

Studentrapportar

2022

Høst 2022 - BA i Europastudium

Høst 2022 - BA i Europastudium

15.08.2022 - 31.12.2022

Førebuingar/praktiske tips

Anbefaler å ordne seg bolig så raskt som mulig, selv om en får tilbud om Crous- boligene er det svært få som faktisk får disse.
Smart å lære seg litt grunnleggende fransk før en reiser ned, da lokalbefolkningen som regel har manglende engelskkunnskap.

Undervisningsformer

Undervisningen er litt ulik den jeg er vant til på UiB, da det er 2timers forelesninger og som regel ingen pauser. Dette blir fort litt slitsomt, spesielt da foreleserne som regel bare prater og åpner ikke for diskusjon/ spørsmål fra studentene.
Ellers er det lurt å se nøye på når en har emnene sine og planlegge ut ifra dette.

Eksamenene er også 2timers og blir gjort for hånd.

Vurdering av emnetilbodet

Helt ok emnetilbud, ganske spesifikke fag.

Fagleg utbyte og språk

Det faglige utbyttet var helt ok, lærer kanskje noe nytt i emner en ikke har vært borti før, men materiellet er veldig grunnleggende og enkelt å henge med på.
Fransk undervisningen er jeg derimot veldig fornøyd med, bra opplegg her.

Universitetsområdet og byen

Universitetsbygget var fint og enkelt å komme seg rundt i, men dessverre er bibliotekene ofte veldig fulle og internettet svært dårlig.
Byen er svært fin og det er mye å se, samt flere fine småbyer en lett har tilgang til med tog/buss.

Bustad

Jeg endte opp med å booke 3 ulike airbnb'er for oppholdet mitt, da det var et utrolig styr å få tak i det gjennom private utleiere. På rundt 40 meldinger sendt ut, var det vel rundt 10 som svarte og 4 av dem som kunne engelsk.

Sosialt miljø

Utrolig bra sosialt miljø, spesielt om en engasjerer seg i studentorganisasjonene som ESN eller Mondus. Vil absolutt anbefale å finne 'whatsapp' gruppene til ESN og bli med på de ulike arrangementene her, da det er en bra mulighet til å bli kjent med nye folk.

2019

Høst 2019 - BA europastudium

Høst 2019 - BA europastudium

15.08.2019 - 31.12.2019

Førebuingar/praktiske tips

Det er lurt å kunne litt fransk før ein reiser, då dei fleste ikkje kan særleg godt engelsk. Utanom det er det også praktisk å ha bustad på plass, og sjekke at emnetilbodet er relevant. I tillegg kan det lønne seg å opprette ein frank bankkonto for å sleppe å betale for valutakonvertering kvar gong ein dreg kortet eller skal ta ut penger. Dette kan ein gjere når ein kjem ned, og kan spørje det internasjonale kontoret på universitetet om kvar ein skal fikse dette.

Undervisningsformer

Forelesninger og klasseundervisning (språkopplæring).

Vurdering av emnetilbodet

Eg valte å ta faga mine på engelsk, i tillegg til fransk opplæring. Emnetilbodet var varierande med tanke på vanskelegheitsgrad og relevans. Eg tok ni fag til saman, men hadde fortsatt mykje tid til sosialt og opplevingar då det ikkje var mykje ekstra arbeid utanom forelesningane. Eksamen var stort sett to timers skuleeksamen der ein skriv for hand. I to fag var eksamen eit essay som me skulle levere inn (heimeeksamen/semesteroppgåve). Frå det eg høyrte frå vener som tok fag på fransk, verka det som det var litt meir arbeid og meir seriøse fag. Me som valte engelsk hadde nokre fag som var saman med masterstudentar/franske studenter og nokre som var utvikla spesielt for utvekslingsstudenter.

Fagleg utbyte og språk

Etter fire månader i Toulouse har fransken min forbetra seg litt. Franskopplæringa var bra, og ein blir sett inn på ulike nivå slik at ein har moglegheit til å få nok utfordringar (med moglegheit for å bytte om ein merker det blir for vanskeleg/lett). Ellers var det faglege utbyttet heilt ok. Mykje var veldig grunnleggjande, men det blei også lagt opp til debatt då det var mindre deltakarar i forelesningane og nokre av professorane la opp til at ein skulle diskutere. Dette gjorde nokre av forelesningane meir engasjerande.

Universitetsområdet og byen

Universitetet litt i sentrum av byen, og ein blei dermed godt kjent med byen. Dei har ein universitetsrestaurant der dei serverer lunsj og middag til rett over tre euro for eit mettande og greit måltid. I tillegg har dei ulike kantiner med mat- og kaffiutsalg. Sjølve skulen var litt kronglete, men dei skal bytte bygning.

Toulouse er ein veldig koseleg by, og som den fjerde største byen i Frankrike er det masse kjekt å finna på. Sjølv om det er ein stor by, følte eg ikkje at den blei for stor og det er gåavstand til alle stader i sentrum. Det er fleire smågater og stort sett er byggningane mursteinsbyggningar som gjev byen eit koseleg uttrykk. Nede ved elva Garonne er det vanleg at folk samler seg på sommerstid til piknikk og anna kos. Som ein av Frankrikes største studentbyar er det dermed mange unge innbyggjarar. Folk i sør er veldig imøtekommande og tek livet med ro. Alt i alt er det ein veldig avslappande by, som eg vil anbefale vidare. Sommaren er også varmare og varer lenger enn her i Noreg.

Bustad

Eg fann eit kollektiv gjennom firmaet Chez Nestor (https://www.chez-nestor.com/en-us) som fungerte fint. Prisen her kan variere, men på søknaden til universitetet kan ein krysse av om ein ønsker ein studenthybel gjennom studentsamskipnaden der nede eller ikkje. Fleire eg blei kjent med budde på ein av desse, og betalte under 300 euro i månaden. Det er eit lite rom, men det skal gå fint då ein ikkje skal bu her så lenge.

Sosialt miljø

I og med at eg tok faga på engelsk, og dei fleste som tok desse faga var utvekslingsstudenter, blei det sosiale miljøet veldig godt. I tillegg var dei ein studentorganisasjon som arrangerte samankomster og fester for utvekslingsstudenter der ein hadde moglegheit til å bli betre kjent med medsstudentar. Eit tips er å melde seg inn i ein studentorgansisjon, særleg ein sport, då dette stort sett er veldig sosialt og ein får moglegheit til å bli kjent med fleire franske studenter (som kan vere vanskelegare å kome i kontakt med om ikkje). Alle utvekslingsstudentar fekk også tildelt ein fadder fra universitetet, som ein kan snakke med om praktiske ting eller få tips om studentlivet i byen.

Informasjon