Hjem
Studentsider
erasmus+

Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByErlangen
  • Studieplassar6
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar som går på bachelor- og masterprogramma i geografi. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng. Masterstudentar i geografi må legge eit eventuelt utvekslingsopphald til 2. semester og finne emne som kan erstatte spesifikke emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Språk

Undervisningsspråket er tysk. Det er krav om dokumentasjon av språkkunnskap når du søker. Dersom du har har hatt tysk på vidaregåande skule, kan Studieadministrativ avdeling skrive ein slik dokumentasjon. Ta kontakt med Erasmus-koordinator ved UiB, Kristin Torp Skogedal på e-postadressa: kristin.skogedal@adm.uib.no.

Kva emne kan eg ta

Instituttet tilbyr emne i samfunns- og naturgeografi både på bachelor- og masternivå. Forskingsaktivitet innanfor seks felt speglar kva tema dei fokuserer på i undervisninga:

  • Geographies of Development
  • Geographical High Alpine Research
  • Biogeography
  • Paleo Climate and Climate Change Research
  • Urban Geography and Regional Development
  • Political Geography and Social Geography

Med nokre få unntak for emne på masternivå, kan Erasmus-studentar som reiser ut gjennom denne avtalen også velje emne andre fagområde ved universitetet.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen i 2. semester av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg (FAU) har om lag 38 000 studentar, og eit breitt fagtilbod. I tillegg til vanlege avdelingar og institutt har universitetet 25 tverrfaglege senter som skal syte for samarbeid og innovasjon. I tillegg til fleire campusar, i byane Erlangen og Nürnberg, har universitetet òg ein fjerncampus for kjemi og bioingeniørfag i Sør-Korea.

Nürnberg og Erlangen er nabobyar i regionen Bavaria, som ligg søraust i Tyskland. Nürnberg har rundt 500 000 innbyggarar, og er eit viktig administrativt og kulturelt sentrum i regionen. Erlangen er ein mindre by, med knappe 100 000 innbyggarar. Han er langt på veg dominert av aktivitetar knytt til universitetet og til selskapet Siemens AG.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader på campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i begge byane.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg

Informasjon