Hjem
Studentsider
erasmus+

Université de Liège og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)

  • LandBelgia
  • ByLiège
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er fransk. Universitetet har òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk, men ikkje nok til å fylle eit heilt semester. Studentar som ønsker å reise ut på denne avtalen må vere førebudde på å ta emne på fransk for å oppnå full semesterbelastning. Gode franskkunnskapar er derfor anbefalt.

Universitetet krev at studentar som skal følge undervisnings på fransk har forkunnskapar tilsvarande minst B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse. Studentane må ta ein kartleggingstest ved ankomst. Meir informasjon finn du på nettsida til universitetet.

Informasjon om fransk språkkurs finn du her.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga og 2021-studieordninga).

nettsida til universitetet finn du oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmus-student. Eitt emne om temaet belgisk rett er obligatorisk for Erasmus-studentar.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Faculté de Droit, Science politique et Criminologie - Université de Liège

1/2

Coming to University of Liège

2/2

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Liège har 20 000 studentar fordelte på i alt tolv fakultet og skular. Universitetet har to større og fire mindre campusar. Den eldste campusen ligg i sentrum av Liège, i det gamle latinske kvarteret ved elva Meuse. Den andre store campusen er Sart Tilman, som ligg ti kilometer sør for byen. Universitetet sine utdanningar innan landbruk og bioingeniørfag ligg i Gembloux. Det har òg avdelingar i Arlon og Mont-Rigi, og eit forskingssenter for oseanografi på Korsika.

Liège er Belgias fjerde største by, med rundt 200 000 innbyggarar. Han ligg i den fransktalande delen av Belgia, ein halvtimes køyretur frå Nederland. Liège var eit viktig senter for akademiske syslar alt i middelalderen, og har av denne grunnen fått kallenamnet Det nye Athen.

Bustad

Universitetet har kun eit fåtal eigne studentbustader, men dei har til gjengjeld eit studenthotell der det er mogleg å leige rom for kortare periodar. Det er mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Liège om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

August - januar og februar - juni.

Oversikt over campus
Foto/ill.:
045© TILT ULG DR Aeriennes

Informasjon