Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Bremen og Institutt for geovitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBremen
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i geovitskap. Avtalen kan og benyttast av lektorstudenter som har geovitskap som eitt av sine fag. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geovitskapstudentane.

Ver merksam på at det krevst eit karaktersnitt på C eller betre for å bli nominerte til ein av Institutt for geovitskap sine Erasmus-avtalar.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har bestått eksamenar tilsvarande minst 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For studentar på bachelorprogrammet i geovitskap, er det tilrådd å reise på utveksling i 6. semester. Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Språk

På bachelornivå går all undervisning ved Universität Bremen føre seg på tysk. Etter avtale med forelesar for dei enkelte emna kan eksamen nokre gongar bli gjennomført på engelsk. På masternivå undervisast en rekkje emne på engelsk.

Generelt må utreisande studentar ha svært gode kunnskapar i tysk språk. Kravet er nivå B2 etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle kurstilbod som finst, og startdatoar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Universität Bremen tilbyr emne både på bachelor- og masternivå. På bachelornivå kan ein velje emne frå ei rekke ulike tema, blant anna jordas oppbygging og utvikling, strukturgeologi, petrologi og petrografi, sedimentologi, geokjemi, generell og marin geofysikk, og hydrogeologi. For meir informasjon om emnetilbodet på bachelornivå, sjå http://www.geo.uni-bremen.de/page.php?pageid=594

På masternivå er geovitskap delt inn i Geosciences, Marine Geosciences, og Materials Chemistry and Mineralogy, og studentar kan velje emne innan disse tre retningane. For meir informasjon om emnetilbodet for dei tre retningane, sjå:

Universität Bremen tilbyr òg fleire feltkurs. Dei gjer likevel merksam på at feltkurs ofte har avgrensa kapasitet. Opptak til feltkurs kan derfor ikkje garanterast. Studentar kan ikkje skrive bachelor- eller masteroppgåve som ein del av Erasmus-utveksling ved Universität Bremen. I nokre tilfelle godkjenner Universität Bremen at studentar vel emne frå andre fagområde. Dette blir avgjort etter individuell vurdering av den enkelte søkaren. Opptak til emne frå andre fagområde kan derfor ikkje garanterast.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studieveileder@geo.uib.no.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Bremen er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 18 000 studentar og tolv fakultet. Det er blant anna kjent for å ha sin eigen studiemodell, Bremen-modellen, basert på interdisiplinær, eksplorativ læring og praktisk gruppearbeid. Universitetet har seks utmerkte satsingsområde: Hav- og klimaforsking, materialvitskap, IKT, samfunnsvitskap, helsefag og logistikk.

Hansabyen Bremen har rundt 550 000 innbyggarar og ligg nordvest i Tyskland, i delstaten med same namn. Grunna plasseringa ved elva Wesers utløp i Nordsjøen, har han alltid hatt mykje skipsfart og handel. Bremen er òg ein viktig industriby, med sterke føretak blant anna innan romfart, bil- og fly-produksjon.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst fleire studentbustader i byen og i nærleiken av universitetet sin campus. Dei fleste av bustadane er drifta av studentsamskipnaden Studentenwerk.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Campus
Foto/ill.:
© Universität Bremen

Informasjon