Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Las Palmas de Gran Canaria og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByLas Palmas de Gran Canaria
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium, og andre studentar som ønskjer å ta emne innanfor spansk språk, litteratur og kultur. Studentar skal ha avlagt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium vert prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor i spansk språk og latinamerikastudium: best eigna for utveksling er dei siste fire semestra i studiet.

Studentar på andre program: sjekk med ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er spansk.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad de Las Palmas de Gran Canaria (ULPGC) er eit offentleg universitet som blei grunnlagt i 1989 etter underskriftskampanjar og krav frå folket. Universitetet sitt fagtilbod er størst innan naturvitskap, tekniske fag og informasjonsteknologi, agronomi og matstudium, ingeniørfag, turisme og berekraftig utvikling. Universitetet har rundt 22 000 studentar.

Las Palmas er hovudstaden på Gran Canaria og den største byen på Kanariøyane, med rundt 400 000 innbyggarar. Ifølge klimatologiforskarar ved Syracuse University i USA har Las Palmas det «beste» klimaet i heile verda, noko som forklarer den store straumen turistar som kvart år finn vegen hit. Las Palmas er den største byen i EU som ikkje ligg i Europa.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader. Dei fleste ligg på hovudcampusen Tafira, som ligg 10 kilometer utanfor Las Palmas. Det er òg mogleg å finne bustad privat.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Grøn campus
Foto/ill.:
© Universidad de Las Palmas de Gran Canaria

Informasjon