Hjem
Studentsider
erasmus+

Europa-Universität Viadrina Frankfurt (Oder) og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByFrankfurt (Oder)
  • Studieplassar6
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i tysk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor tysk språk, litteratur og kultur. Du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelorprogram i tysk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i tysk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Europa-Universität Viadrina Frankfurt (Oder) er eit lite offentleg universitet med rundt 6000 studentar og tre fakultet. Universitetet spelar ei viktig rolle i ulike samarbeidsprosjekt mellom Polen og Tyskland, og om lag ein femtedel av studentane er polske. Den eine av universitetet sine campusar ligg i den polske nabobyen Slubice, der det òg samarbeider med Adam Mickiewicz University om å drifte høgskulen Collegium Polonicum.

Frankfurt (Oder) ligg i regionen Brandenburg, nordaust i Tyskland. Byen har om lag 60 000 innbyggarar. Namnet på elva som renn gjennom byen, Oder, er vanleg å ta med for å skilje han frå Frankfurt am Main. Den polske søsterbyen Slubice har 17 000 innbyggarar, og var ein del av Frankfurt (Oder) fram til 1945.

Bustad

Det finst fleire moderne studentbustadbygg på kvar side av elva Oder, både i Frankfurt og Slubice. Somme er administrerte og drifta av den lokale studentsamskipnaden, medan andre er eigd i fellesskap mellom fleire institusjonar.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Informasjon