Hjem
Studentsider
erasmus+

Staatliche Hochschule für Musik Freiburg og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+ - Staatliche Hochschule für Musik Freiburg)

  • LandTyskland
  • ByFreiburg
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå: https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Staatliche Hochschule für Musik Freiburg (SHMF) blei grunnlagd i 1946. Det er ein offentleg musikkhøgskule som driv med forsking, utøvande musikk og ulike pedagogiske studieløp. Skulen var tidleg ute med å etablere eit institutt for ny musikk, og å arbeide med elektronika og nye musikalske uttrykk. I 2005 etablerte dei òg eit Freiburger institut Für Musikermedizin i samarbeid med universitetssjukehuset i byen. SHMF har rundt 600 studentar. Skulebygningane ligg litt aust for bykjernen.

Freiburg im Breisgau har om lag 220 000 innbyggarar og ligg søraust i Tyskland, ikkje langt frå grensa mot Frankrike. Universitetet er den viktigaste arbeidsgivaren i området, som elles er kjent blant anna for varmt og solrikt klima, vinproduksjon og ein sterk lokal klimapolitikk. Det tyske miljøpartiet Die Grünen har sin sterkaste veljarbase her, blant ivrige syklistar og solcelleindustri.

Bustad

Skulen har ingen eigne studentbustader, men hjelper internasjonale studentar med å finne informasjon og databasar for ledige bustader på nett. Det er mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Freiburg im Breisgau om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - februar/mars og april - juli/august.

Informasjon