Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität zu Köln og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByKöln
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved LLE: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av graden. Ein rår til at studentane tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er i hovudsak tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Språklege emne.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität zu Köln blei grunnlagt i 1388, og er eit av dei største og eldste universiteta i Tyskland. Dei 46 000 studentane kan velje i eit fagtilbod med alle dei klassiske universitetsdisiplinane. Dei fleste universitetsbygningane ligg i bydelen Lindenthal, vest for sentrumskjernen.

Köln er den fjerde største byen i Tyskland, med litt over ein million innbyggarar. Han ligg Nordrhein-Westfalen, men blir òg omtalt som «den nordlegaste byen i Italia» på grunn av det gjestmilde sosiale klimaet. Köln er kjend for Kölnerdomen, verdas største gotiske katedral, for karnevalet som blir halde i februar kvart år, for ølet Kölsch og for parfymen Eau de Cologne.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor ved kvart fakultet som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst fleire studentbustader her, som blir drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det kan elles vere vanskeleg å finne bustad på den private marknaden i Köln.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Informasjon