Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Greifswald og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByGreifswald
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for geografitudentar på bachelor-, master- og PhD-nivå. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng. Masterstudentar i geografi må legge eit eventuelt utvekslingsopphald til 2. semester og finne emne som kan erstatte spesifikke emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Ernst-Moritz-Arndt-Universität Greifswald, som vanlegvis blir kalla EMAU Greifswald, blei grunnlagt i 1456 og er eit av dei eldste universiteta i Nord-Europa. Det har om lag 13 000 studentar og fem fakultet. Universitetet satsar på tverrfagleg forsking, og samarbeider mykje med andre forskingsinstitusjonar i regionen.

Greifswald er ein kystby med rundt 60 000 innbyggarar, som ligg nordaust i den tyske delstaten Mecklenburg-Vorpommern. I perioden 1648-1815 var byen svensk, og her finst stadig eit sterkt samband med Skandinavia og skandinavisk kultur.

Bustad

Studentbustadane i Greifswald er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Internasjonale studentar søker på linje med tyske studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Greifswald.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Oversikt over campus
Foto/ill.:
© Universität Greifswald

Informasjon